Den store dugnaden!

Av: Administrator
15/03-2013

17.-19. mars går Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon av stabelen. Då går vi saman med enkeltmenneske i fattige land for å skape forandring, seier pastor Erhard Hermansen i Herøy Frikyrkje!


sammen for andre - foto Greg Rødland Buick - Kirkens Nødhjelp

Bedriftsgaver

Erhard Hermansen er også distriktskontakt for Kirkens Nødhjelp. Fleire bedrifter i Herøy har i løpet av den siste veka gitt gåver til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Havila og Bourbon Offshore er mellom bedriftene som har støtta aksjonen.

- Vi er kjempestolt over at lokalt næringsliv er med på å støtte Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, seier pastor Erhard Hermansen, som oppmoder endå fleire bedrifter om å støtte aksjonen.

Ta godt imot bøsseberarane

Nå kan kvar einskild bidra og vi håpar på store gåver når bøsseberarane kjem rundt, seier Hermansen.

17.-19. mars går Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon av stabelen. Komande søndag kjem bøsseberarar i Ytre Herøy og tysdag går bøsseberarar i Indre Herøy . Pengane som kjem inn på aksjonen går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over heile verda.

Ekstrem fattigdom

Meir enn ein milliard menneske lever i dag i ekstrem fattigdom. Det vil seie at dei har mindre enn åtte kroner (1,25 amerikanske dollar) å leve for per dag. Mange må leggje seg svoltne kvar kveld. Dei manglar gjerne jobb, elektrisitet, skulegong, reint vatn – eigentleg det meste av det vi her i Noreg, og i Herøy, reknar som sjølvsagt. Må det vere slik?, spør Erhard Hermansen

I årets aksjon freistar Kirkens Nødhjelp å finne fram til kjernen av kva alle menneske treng. Då er to spor spesielt viktige. At folk får reint vatn og at dei får eit arbeid å gå til.

- For å sikre det fyrste treng vi at folk i Noreg hjelper til med pengar. Kirkens Nødhjelp har sikra ein million etiopiarar tilgong på reint vann sidan dei starta arbeidet deira i landet. Det ville vore umogleg utan støtta frå Herøy, seier Hermansen.

- For å sikre arbeid til alle, må vi syte for at det investerast. Difor meiner Kirkens Nødhjelp at oljefondet bør auke sine investeringar i fattige land betydeleg. Kanskje tenker du at det høyrast uansvarleg ut? Tvert om! Sju av dei ti landa i verda med størst økonomisk vekst ligg i Afrika, det er her vi verkeleg kan tene pengar. I tillegg kan vi syte for at det investerast i nye jobbar i fattige land. Her har vi rett og slett ein vinn-vinn-situasjon, seier Erhard Hermansen.

- For å få dette til, har vi med ei rekke modige enkeltmenneske i fattige land. Vi kallar dei kvardagsheltar. Det vi no treng, er at vi som enkeltmenneske går saman med desse kvardagsheltane, slik kan du også bli ein kvardagshelt! Støtt opp om Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 2013, oppmoder pastor Erhard Hermansen.