Klare for fasteaksjonen
– men treng fleire bøsseberarar

Av: Administrator
10/03-2013

17. -19. mars går Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon av stabelen. I Herøy treng ein fleire bøsseberarar for å vere sikre på at alle som ønskjer å gi skal få høve til det. (Tekst/foto Stein Arne Lilleøy, Vestlandsnytt)


Frikyrkjepastor og distriktskontakt for Kirkens Nødhjelp, Erhard Hermansen og kateket Beate Nes treng fleire bøsseberarar i Indre Herøy og på Leikong, slik at alle skal få høve til å gi under fasteaksjonen 17.-19. mars.

– Beate Nes har hatt  ansvaret for fasteaksjonen i 10 år, og har gjort ein fantastisk jobb. Men ho har vore litt åleine om det som trass alt er landets største innsamlingsaksjon, etter TV-aksjonen, seier pastor i Herøy Frikyrkje og distriktskontakt for Kirkens Nødhjelp, Erhard Hermansen til Vestlandsnytt.

Tradisjonelt har ein basert seg på å bruke konfirmantane som bøsseberarar i fasteaksjonen. I år er imidlertid konfirmantkulla i Indre Herøy og Leikanger små, og Beate Nes fryktar det kan vere vanskeleg å nå ut til alle som ønskjer å gi.

– Vi reknar med at der er fleire enn konfirmantane som synest arbeidet Kirkens Nødhjelp gjer er viktig. Difor går vi ut med ei oppmoding om at folk melder seg som bøsseberarar. Det gjer dei ved å kontakte kyrkjekontoret. Om folk bestemmer seg litt seint og troppar opp på sjølve aksjonsdagen, så går det også bra, seier Nes.

I ytre Herøy går innsamlinga av stabelen etter gudstenestetid søndag, medan ein i indre   sender ut bøsseberarane frå kyrkjelydshuset på Leikong og Indre Herøy kyrkje klokka 17 tysdag ettermiddag.

Fasteaksjonen har samla inn mykje pengar fram gjennom åra. 

– Folk i Herøy og Sande har gitt så mykje pengar at det tilsvarer reint vatn til nesten 5.000 menneske. Det er godt å vite at vårt bidrag er konkret, og kjem medmenneske til gode, seier Erhard Hermansen.


Saman forandre er slagordet for årets fasteaksjon, der målet mellom anna er å sikre fleire sikker tilgang på reint vant.

Ei fersk oppteljing viser at fasteaksjonen i Herøy og Sande har samla inn 990.000 kroner dei siste 15 åra. 

– Folk i Herøy og Sande kan vere stolte av sitt bidrag. I følgje FN manglar framleis  884 millionar menneske sikker tilgang på vatn. Dette vil vi vere med å gjere noko med. I år har vi eit mål om å samle inn enda meir enn vi gjorde i fjor, og håper folk i Herøy blir med på dugnaden. Denne dagen er bøsseberarane med på å skape konkret forandring. Det same gjeld dei som gir, for kvar einaste krone som vert lagt i bøssa betyr forandring, seier Hermansen.

Til dømes kostar det 2 kroner per naudrasjon (måltid) Kirkens Nødhjelp deler ut i katastrofesituasjonar. 

– Då er det lett å sjå at pengane når langt, slår Erhard Hermansen og Beate Nes fast.