Fasteaksjon med fokus på forbilde

Av: Administrator
28/02-2013

Martha Gezahegn (28) selde kroppen sin til framande menn. No er ho gift, mamma og lærar for andre tidligare sexarbeidarar i Etiopia. Ho er eitt av forbilda som utfører norske kyrkjelydar sitt internasjonale diakoniarbeid.


Martha Martha Gezahegn (28) er lærar i kunsthandverk på Nytt liv-senteret for tidlegare sexarbeidarar i Addis Ababa. Jentene lager vakre stofftrykk som vert selde i ein liten butikk i byen. I framtida kan denne kunnskapen verte eit levebrød, men allereie nå er ekstrainntektene velkomne.

Vi har sett det før, i dei nattemørke gatene heime i Oslo og i byar over heile verda: Ei kvinne som forhandlar med ein framand mann om prisen på det mest sårbare ho eig. Ei jente som gjev bort ein liten bit av seg sjølv i byte mot ein bunke skitne sedlar, natt etter natt, til det ikkje er meir att å gje. Eller til ho møter ein engel som ikkje vil ha noko frå henne, men som tilbyr henne håp. Eit nytt liv.

Gjev håp
–Ei natt kom det nokre menneske bort til meg på gata, og ein av dei gav meg ein liten papirlapp. Det var ein invitasjon til lunsj på eit senter som heitte Nytt liv. Det hadde aldri falle meg inn at det kunne finnast noko nytt liv for meg. Dei fortalde meg at Gud framleis elska meg, men eg trudde ikkje det kunne finnast ein slik kjærleik, fortel Martha Gezahegn.


Martha Gezahegn (28) trefte mannen Esubaleu i kyrkja, gifta seg og vart mamma til lille Nathnael. Han får vere med mamma på jobb på Nytt liv-senteret, og jentene liker å skjemme ham bort.

Martha fekk verkeleg eit nytt liv gjennom senteret som blir drive av Mekane Yesus, den evangeliske kyrkja i Etiopia. Kyrkja sin diakonale organisasjon er ein av Kirkens Nødhjelps lokale partnarar. Kvart år får 60 nye jenter bli med inn i eit toårig program som gjev dei eit underhaldsbidrag, yrkesopplæring, helsehjelp og terapi.


Martha Gezahegn (28) trefte mannen Esubaleu i kyrkja, gifta seg og vart mamma til lille Nathnael. Han får vere med mamma på jobb på Nytt liv-senteret, og jentene liker å skjemme ham bort.

Takkar norske kyrkjelydar
-Buro Durje er aktiv i den lokale kyrkjelyden i Kazanchis-bydelen i Addis Ababa og som frivillig på Nytt liv-senteret. Han ser på kyrkjelydane i Norge og Etiopia som jambyrdige partnarar i arbeidet:

–Gjennom den diakonale tenesta blir vi utfordra til å synleggjere Guds kjærleik der han verkar mest fråverande. Det er ein stor inspirasjon å vite at kyrkjelydar i Noreg er med oss i dette arbeidet på sin måte. Gjennom Kirkens Nødhjelp opplever vi eit sterkt samband med brørne og søstrene våre i Noreg. Eg vil gjerne få takke alle som tek del i prosjektet vårt gjennom å arrangere Kirkens Nødhjelps fasteaksjon!

Saman forandre
Gjennom årets fasteaksjon vil Kirkens Nødhjelp setje fokus på menneske som forandrar verda. Vi vil fortelje historiane om nokre av dei som i prosjekta er med på å gjennomføre norske kyrkjelydar sitt internasjonale diakonale arbeid i praksis. Gjennom film, historiar og bilete vil vi sjå korleis både naudhjelpsoperasjonar, langsiktige utviklingsprosjekt og arbeidet med å påverka dei som styrer er forankra i lokale behov og løysingar, og i den verdsvide kyrkja sitt diakonale oppdrag.

–Kirkens Nødhjelp har ein naturleg plass i den verdsvide kyrkja, og det handlar om mykje meir enn berre identitet, seier generalsekretær Anne-Marie Helland. Ho utdjupar:

–Det er nettverket vårt av kyrkjer og trusbaserte organisasjonar i Noreg og verda over som gjer oss unike, som gjer at vi saman kan skape så stor forandring. Over alt der det er menneske, finst det ei kyrkje – eller ein moské, ein synagoge eller eit tempel. Det gjev oss innpass der få andre har tilgang. Det gjev oss høve til å utfordre religiøse leiarar om tradisjonell praksis slik som kvinneleg omskjering. Saman med lokale partnarar kan vi skape verkeleg og varig forandring. Og saman med nesten 40 000 konfirmantar og ei mengd frivillige i 2000 norske kyrkjelydar gjer vi fasteaksjonen til ein av våre største nasjonale dugnader. Det gjer oss utroleg stolte og veldig audmjuke!

Frå fornedra til forbilde
Etter at Martha sine to år i Nytt liv-programmet var omme, blei ho spurd om å halde fram på senteret som lærar. Ho møtte Esubaleu i kyrkja, gifta seg og blei mor til Nathanael. For henne blei familien eit handfast prov på den kjærleiken som er så vanskeleg å forstå.


Gateprostituerte i Addis Ababa vert utsett for trakassering, mishandling og hivsmitte, og mange misbruker alkohol og narkotika.

–Jobben min er å lære jentene opp i eit praktisk kunsthandverk som kan sikre dei eit levebrød. Men den viktigaste lærdomen eg kan gje dei, er at dei er elska av Gud. Eg har delt fornedringane deira, og no er eg eit forbilde som kan vise kor sterk kjærleikens makt er.


Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 17.–19. mars

Vi møter kvardagsheltar i Kirkens Nødhjelp sine prosjekt over heile verda. Dette er menneske som er fødde på feil side av urettferda. Men dei vil forandre verda, og dei veit korleis. Dei er forbilde. Med årets fasteaksjon vil Kirkens Nødhjelp fortelje historiane til nokre av disse forbilda. Arbeidet vårt byggjer på kunnskapen og engasjementet deira. Dei sikrar berekraftige løysingar som er forankra i lokalsamfunnet. Dei får det til! Støtta frå norske kyrkjelydar gjev forbilda høve til å skape verkeleg og varig forandring. For seg sjølv, for andre og for kvarandre.

Det er kyrkjelydar landet rundt som står for gjennomføringa av Kirkens Nødhjelps fasteaksjon. Herøy Kyrkje og Herøy Frikyrkje arrangerer aksjon søndag 17. mars og treng bøsseberarar. Ta kontakt med kateket Beate Nes eller barne- og ungdomspastor Geir M. Lande dersom du vil vere med.

Pengane som blir samla inn går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda.

Støtt aksjonen direkte ved å:

  • Nytte kontonummer 1594 22 87493
  • Sende GAVE på sms til 2468 (200 kroner)
  • Ringje gjevartelefon 820 44 088 (200 kroner)