Temamøte om ”Engasjert trusliv” med sokneprest Helge Standal

Av: Administrator
25/02-2013

Kvifor er dette med bøn og det å lese i Bibelen er så vanskeleg for mange av oss? Kvifor føler vi at vi burde gjere meir av det, men slit med å få det til? Korleis kan vi inspirere og hjelpe kvarandre til eit meir engasjert trusliv, eit trusliv som kan bety noko for oss i kvardagen?


Helge Standal

Tysdag 26. februar får Herøy Frikyrkje besøk av sokneprest Helge Standal i Sykkylven Kyrkje som vil undervise omkring temaet ”Engasjert trusliv”.

Helge Standal er gift, har tre vaksne born og to barneborn. Han har vore med på fleire pilotprosjekt innan Den norske Kyrkje. Helge Standal er fødd og oppvaksen i Sykkylven, han har vore prest i Nord-Noreg i åtte år og seinare arbeidd på bispekontoret i Stavanger. I 1995 var med på å starte Frøyland-Orstad kyrkjelyd, ein ny kyrkjelyd på Jæren. Seinare var han også med på å starte Lundehaugen kyrkjelyd. For 3 år sidan kom han tilbake til Sykkylven og er no sokneprest der.

Den franske forfattaren Antoine de Saint-Exupéry skreiv ”Om du skal byggje eit skip, så skal du ikkje kalle folk saman for å samle tømmer, finne fram verktøy, fordele og leie arbeidsoppgåver. Lær heller menneske å lengte etter det vide endelause havet”.

Eit ”Engasjert trusliv” startar med lengsel etter det som Gud har planlagt for sin kyrkjelyd, lengsel etter det Gud kan gjere i mitt liv, og i våre liv. Paulus skriv i Romarbrevet 12.11-12 ”Ver ikkje lunka, men ivrige. Ver brennande i Anden, ten Herren! Ver glade i vona, tolmodige i motgangen, uthaldande i bøna”

Vi gler oss til å høyre kva Helge Standal har og seie og vonar mange finn vegen til Frikyrkja.