Aglow med Herøy frikyrkje som varmestove

Av: Administrator
22/01-2013

- Skal det vere litt varm og god suppe i vinterkulda? Slik blir du ønska velkomen i foajéen i Herøy frikyrkje fredag 25. januar. Det er duka for Aglow-møte; det første i i 2013, og det første nokon gong i Herøy frikykje. - Vi vil at dette skal vere ein kveld som varmar både kropp og hjerte, seier fungerande leiar, Kristine Røren.


Arrangementa til Søre Sunnmøre Aglow rullerer i ulike bygder og hus. Siste året har vi vore i Aasen-tunet i Ørsta, Aktivitetshuset i Ulsteinvik, Olof-løda i Kvalsvika og på Kjelsund som må reknast som basen vår, orienterer Røren. Rundt om i Noreg er det 10 lokale grupper, og det fins Aglow-arbeid i 166 land over heile verda.

Denne kvelden får vi besøk av Henriette Freegard, ei fantastisk inspirerande kvinne som kom til Noreg frå Nord-England saman med ektemannen Jim for nokre år sidan. Henriette kjem opprinneleg frå Nederland. Røren fortel vidare at Henriette og mannen har opplevd noko forunderleg. Gud har gitt dei ein heilt spesiell kjærleik til Noreg, og no jobbar paret på Ørskogfjellet og opplever eit kall til å be for landet vårt.


Jim og Henriette Freegard

At Gud gjer slikt er veldig oppmuntrande, meiner Røren. At Gud interesserer seg for landet vårt på den måten må jo bety at han bryr seg om oss som bur her. Kva Freegard heilt konkret kjem til å snakke om, held vi litt ope. Vi får også helse på Inger Tove Simonnes frå Volda som saman med mannen har vore primus motor for Koinonia på Ørskogfjellet. Det blir både musikalske og andre innslag i løpet av kvelden og høve til å kjøpe svært kortreiste produkt frå Fosnavåg som t.d. vesker, knappearmband, pulsvarmarar og Rikke-kort.

På Aglow-møta er det høg trivsel, lav terskel og samtidig ein tydeleg Jesus. Vi oppfordrar damer i alle aldrar til å ta laus og kome med forventning, smiler Røren. Og har du ikkje vore og sett den nye, fine frikyrkja enno, så har du eit påskudd til det også!