Tverrkyrkjeleg møtehelg på Søre Sunnmøre

Av: Administrator
09/11-2012

Fleire av kyrkjelydane på Søre Sunnmøre inviterer til ei felles møtehelg 9. og 10. november. Eivind Frøen og Wilson Goeda er forkynnarar på denne storsamlinga. Arrangementet finn stad på Møreskulen i Indre Herøy. (Skrevet av Anna Ragnhild Lynge)


Eivind Frøen (69) var grunnleggaren av organisasjonen Ungdom I Oppdrag i Noreg for 40 år sidan. Han er kjend som ein forkynnar med stor kapasitet.

Eivind Frøen (69) var grunnleggaren av organisasjonen Ungdom I Oppdrag i Noreg for 40 år sidan. Han er kjend som ein forkynnar med stor kapasitet. Frøen er også kjend for å ha starta Asia Link og har stått sentralt i denne organisasjonen. Han er ein etterspurd evangelist på konferansar og møteseriar i inn- og utland. Saman med kona Margareth deltek han ofte på ekteskaps-helger og familieleirar. No kjem han til Herøy saman med sin gode ven, forkynnaren Wilson Goeda frå Sør-Afrika.

Løyst frå bitterheit etter apartheid
Eivind Frøen seier her litt om bakgrunnen til denne mannen:
Wilson Goeda er gift og har to born. Han fekk tidleg erfare apartheid og mange grufulle hendingar inn på livet. – Men Gud løyste han frå bitterheit og hat og gav han ei internasjonal teneste, fortel Frøen.
Mor hans var berre16 år gammal då Wilson blei fødd. Far sin har han aldri sett. Mora prøvde å abortere ham, deretter prøvde ho å ta sitt eige liv. Då Wilson var berre seks år gammal, døydde mora.

Slavearbeidar på plantasje som barn
Han blei slave hjå ein kvit plantasje-eigar sjølv om han berre var eit barn. Før han fylte 10 år, hata han både Gud og kvite menneske. Målet hans var ein dag å kunne bli geriljasoldat og drepe så mange kvite menneske som mogeleg.
Tenåra hans var prega av vald, stoff og kriminalitet.
– Men éin dag møtte Gud han på overnaturleg vis. Han blei radikalt frelst, meiner Frøen.
Rett etter frelsesopplevinga byrja Wilson å preike på gatene. Han fekk sjå mange som han oppfatta som frelst og lekte. Eitt år seinare vart han med i YWAM (Youth With A Mission)
Dei neste 20 åra fekk Wilson det han oppfata som ei guddommeleg openberring om tilgjeving og forsoning. Som svart hadde han måtte tåle bestialsk behandling frå dei kvite. Men kvar gong han hadde vorte utsett for eit overgrep, leia Gud han til å tilgi på ny.

Vart nasjonal leiar
Frøen opplyser at Wilson har ein fengjande og levande måte å forkynne og undervise på. Dette har gjort han ettertrakta over heile verda:
– Her er det ikkje tomme teoriar, men ein bodskap som Gud har fått byggje inn i eit levd liv.
Med gitar og ei glimrende songstemme får han både unge og eldre med seg. Han appellerer såleis til alle aldrar og grupperingar.
Han var den første farga baseleiaren for YWAM i Afrika og har fram til 2006 vore nasjonal leiar for YWAM i Sør-Afrika. Same året vart det utgitt ei bok om livet hans.

– Eg møtte han første gong for om lag10 år sidan. Vi fekk svært god kontakt. Vi har reist og forkynt saman både i Europa og i Asia, avrundar Eivind Frøen.
Herøynytt får opplyst at samarbeidet om dette arrangementet som bevisst vert lagt utanfor kyrkjelokala, har vore svært godt og saman-spleisande.