Med velsigning til Herøyfolket

Av: Administrator
03/11-2012

Sist helg fekk Herøy eit svært sjeldan og verdifullt besøk. Mamma Maggie er fleire gongar nominert til Nobel Fredspris for sitt arbeid blant koptarane på ”søppelfjellet” i Kairo. Saman med meir enn 1500 medarbeidarar gir dei utdanning, mat, kle og eit sosialt nettverk til meir enn 30000 barn og deira familiar.


"Eg elskar deg. Du er eineståande. Det finst ingen i verda som deg. Eg vil gjere alt eg kan for at du skal bli lykkeleg. Og husk: Jesus elskar deg" kviskrer Mamma Maggie.

Mamma Maggie vaks opp i ein høgt utdanna heim. Ho tok sjølv masterutdanning i data og kommunikasjon og byrja undervise på universitetet. Etter at hennar tante Matilda døydde, ei tante som hadde brukt mykje av si tid og sine krefter på nettopp dei fattigaste kjende mamma Maggie eit sterkt kall til å ta opp arven etter henne. Søppelbyen Moqattam er ein skitten bydel i Kairo med over hundre tusen menneske. Her lever dei av å sortere søppelet som flyter overalt. Og det var her, blant samfunnets mest utstøtte og undertrykte, at Maggie Gobran mottok sitt kall: Ho ville verkeleggjere Jesu kjærleiksbod ved å formidle håp og trøst til desse fattige. I likskap med mange i Egypt ante heller ikkje ho at så mange av hennar kristne søsken levde på denne måten. Inntil ho ein dag fekk auge på noko som rørte seg under overflaten i ein søppelhaug. Då hun grov vekk det øvre laget, oppdaga ho at det var eit lite barn!


Mamma Maggie og pastor Erhard Hermansen etter gudstenesta søndag. Ikonet som pastor Erhard Hermansen held var ei gåve til kyrkjelyden frå Stefanusalliansen.

Dette vart starten på ein verksemd som begynte i det små, men som sidan har vekst formidabelt. Arbeidet deira handlar om å gje barn og unge hjelp og støtte til utdanning, eit sosialt nettverk og ballast til å klare seg i framtida.

Pastor Erhard Hermansen kjenner seg audmjuk i møte med ein så spesiell person. - Mamma Maggie ser kvar einskild, ho har rikeleg med tid, ho understrekar kvar einskilde sin unike verdi og er ei velsigning kvar enn ho kjem, seier han.

Sjølv tenker han på då vesleguten Vetle Bror knuste eit glas under middagen søndag, som ein sjølvsagt ting falt Mamma Maggie på golvet for å feie opp kvart eit glasskår så ikkje guten skal skade seg. – Mamma Maggie kan lære oss masse om eit sannt tenarsinn, ja ho kan lære oss så masse, seier Hermansen.


Per Sævik har i fleire år hatt eit stort engasjement for Stefanusbarna. Frå v. Bjørn A. Wegge, Christine Henein, Eyvind Skeie, Mamma Maggie, Per Sævik, Erhard Hermansen og Emad Beshay.

Med barna framme på scenen tok Eyvind Skeie med seg mamma Maggie for å fortelje dei noko viktig, noko mamma Maggie gjer mot alle dei barna ho møter, men først fortalte han korleis Mamma Maggie i kvart skur i søppelbyen ho kjem inn, i møte med små og forkome barn i dette ureine miljøet tar fram vaskekluten og tørker barnet i ansiktet og på hendene. Deretter tek ho barnet på fanget, held omkring det og kviskrar noko i øyret, noko som får barnet til å smile. Kva er det ho seier? Spør Eyvind Skeie, og Mamma Maggie kviskrar forsiktig til barna: "Eg elskar deg. Du er eineståande. Det finst ingen i verda som deg. Eg vil gjere alt eg kan for at du skal bli lykkeleg. Og husk: Jesus elskar deg."

Ei setning fleire stansa ved i hennar tale var ”Ikkje la verden forme handlingane dine, men la handlingane dine forme verda”. Det er ei stor utfordring som vi alle treng ta med oss.

Pastor Erhard Hermansen fortel at det i søndagskollekta til Stefanusborna kom inn rundt 60000 kronar. – Det er masse pengar i ei vanleg gudsteneste, men når vi veit kor mykje vi har, og kor lite dei har kunne vi gitt mykje meir, seier han.

Eyvind Skeie fortel at Mamma Maggie kvittet seg med alt ho eigde då ho fekk kallet til å tene dei fattigaste i Kairo sin slum. For, som ho seier; korleis kan eg be nokon om pengar til å hjelpe, om eg sjølv eig noko. Ho utfordrar oss med sin tanke, og understrekar at det er større velsigning i å gje enn å få. Materialsime og ting tyngjer oss, seier ho, og fortsetter med å seie at det er rikdomen som gjer dykk fattige.


Gjer kroppen min stille, så eg kjenner mine ord, gjer tunga mi stille, så eg høyrer mine tankar, gjer tankane stille, så eg merkar hjarte slå, gjer hjarte mitt stille, så min ande kan tre fram, gjer anden min stille, så din Ande kan tale i meg, ber Mamma Maggie.

I talen søndag utfordra mamma Maggie kvar einskild til å lese Bibelen kvar dag, for som ho sa, i den ligg nøkkelen til all fornying. Etter gudstenesta fortalde ho at fleire av dei som kom fram for å bli velsigna fortalde at dei ville starte med å lese bibelen jamleg.

Ei bøn mamma Maggie ofte ber er bøna; Gjer kroppen min stille, så eg kjenner mine ord. Gjer tunga mi stille, så eg høyrer mine tankar. Gjer tankane stille, så eg merkar hjarte slå. Gjer hjarte mitt stille, så min ande kan tre fram. Gjer anden min stille, så din Ande kan tale i meg.

- ”Silence your body” kviskrar mamma Maggie stille, og alle forstår at i denne stillheita, i krafta frå Gud hentar mamma Maggie si styrke.