Glimt frå årets Visjon

Av: Administrator
28/08-2012

Kvart år arrangerer Frikyrkja sommarstemnet Visjon i Stavern. Årets Visjon samla rundt tusen personar og frå Herøy drog 24 personar til ei uke med spennande aktivitetar, utfordrande forkynning og eit godt fellesskap.


Årets Visjon var storsuksess og storfamiliesamlingane ”Hits for alle” passa alle, meiner dei 24 som reiste ifrå Herøy.

La ditt rike kome!

Tema for årets Visjon var "La ditt rike kome". Talarar i år var Arnfinn Løyning, Elin Fagerbakke, Geir Sandberg og Jens Petter Jørgensen

Jens Petter Jørgensen snakka mellom anna om tru som flytter fjell, men understreka at det krev endå meir tru når fjellet ikkje flyttar seg. Geir Sandberg, dagleg leiar på Frikyrkjetorget snakka om å vere kjend av Jesus, kjenne Jesus og gjøre Jesus kjend. Det var mykje nåde i denne talen som og viste oss kva skatten i leirkar betyr. Når Jesus har tatt bustad i oss vil hans lys skinne gjennom sprukne leirkar. Han viste oss og betydinga av å reise seg når man faller.

Storsamlingar for heile familien

”Hits for alle” som nytta opplegg ”Show it” var storfamiliesamlingane under Visjon. Her fekk vi møte professor Darwinius som saman med møteleiar gav oss spennande glimt av troshelter i Bibelen, og om trusheltar i dag. Kvar dag gav professor Darwinius oss eit nytt eksperiment som understreka tema for samlinga.


Bendik Hermansen t.v. og Josef Vike koste seg med speiding under morgonaktivitetane.

Ei god visjonsveke!

Linn Therese og Yngve Sævik reiste saman med barna Live og Magda, også dei for første gong. - Vi opplevde at Visjon var veldig inspirerande og kjekt. Kjekt å vere ilag, kjekt å få nytt påfyll. Ungane storkosa seg ilag med mange ungar, og på kjekke aktivitetar. Fine dagar i godt fellesskap, seier Linn Therese!

Linn Therese fortel at "Show it" var veldig bra! Det var god inspirasjon til vidare arbeid her heime. Tyrkisk marknad var også bra.

- Vi sit igjen med mange gode minne frå gode vener og kjekke aktivitetar. Vi dreg gjerne igjen, og håper då å få med enda fleire frå Herøy Frikyrkje, seier Linn Therese.


Visjon er og tid til det gode fellesskapet, som ein sein kveldstime i eit fortelt. F.v. Espen Ervik, Øyvind Storøy, Mona Storøy og Linn Therese Sævik.

Øyvind og Mona Storøy, var saman med borna Andre og Julie på sitt fjerde Visjon. - Vi opplevde Visjon veldig kjekt, møta er bra, opplegget for ungane er veldig kjekt, fortel Øyvind som legg til at dottera, Julie, fekk god kontakt med leiarane i dansegruppe. Han trekker og frem fellesskapet med andre frå kyrkjelyden

Nye på Visjon var også Cecilia og Kjartan Vike, som drog med borna Lydia, Kristel, Josef, Mathea og Mathea si venninne Elisabeth. - Dette var ein veldig positiv oppleving for oss som familie, seier Cecilie. - Mykje folk, aktivitetar for alle aldrar, svært god mat, greie rom til overnatting og koseleg med grilling i tunet. For oss som har barn frå 1 - 14 år trudde vi at det skulle litt til for at alle trivast like mykje. Men det gjekk strålandes, seier Cecilia.


Kjartan t.h., Cecilia og Lydia Vike storkoste seg på årets Visjon.

- Det var bibeltimar kvar morgon for oss vaksne, medan barna var med på aktivitetane som dei var påmelde på. Kvar ettermiddag var det HITS for alle, som absolutt var for alle, understrekar Cecilia, som avsluttar med å seie at dette var fyrste gongen dei var på Visjon, men det vert heilt sikkert ikkje det siste.