”Til vår Gud vil vi gi all lov og ære!”

Av: Administrator
02/07-2012

Etter ei strålande jubileumsveke 19.-24. juni der Herøy Frikyrkje feira sitt 100-årsjubileum med ei rekkje vellukka arrangement, kan denne setninga frå ein tekst av R. Utbult, sungen både på kyrkjelydsfesten og på jubileumssøndagen, stå som overskrift over heile feiringa! Å gi æra til Gud var det fleire som minte gjennom veka, også pastor Thorvald Hartviksen i andakten under konserten 20. juni: ”Alt i hans tempel ropar ære!” (Salme 29) Guds ære er det alt dreier seg om, ingen ting anna! (Tekst: Arnhild G. Runde)


Frikyrkjekoret

Kvifor frikyrkje? Men kvifor vart det ei Frikyrkje på Ytre Søre Sunnmøre? Sjølve namnet seier vel sitt, men Kåre Kvalsvik har gitt oss den breiare bakgrunnen for at kyrkjelyden 24. juni 1912 vart skipa der i heimen til Amalie og Abel Nærø på Nærøya. Det gjer han både i heftet som vart gitt ut i samband med kyrkjelyden sitt 75-årsjubileum i 1987, og no i stykket ”Vegen vi gjekk” i den nye 160 sider store jubileumsboka om Herøy Frikyrkje, rykande fersk frå trykkeriet. Heftet frå 1987 opnar med ein velskriven prolog av Kåre Kvalsvik, og på kyrkjelydsfesten 22. juni fekk vi høyre denne igjen, framført av han sjølv.

Det var mange høgdepunkt gjennom veka, og alt hadde fortent omtale. Misjonskvelden var bra besøkt, sjølv om det var god plass til fleire, og folk kosa seg og lo litt då misjonsforeningsdamene i klesdrakt frå hundre år tilbake gav liv til lokal misjonssoge gjennom eit kvinneforeningsmøte slik det kunne ha arta seg den gongen! Tale, song og misjonsoffer høyrde også med, og litt mat til slutt!


Misjonsspel

Jubileumskonserten kvelden etter samla fullt hus, og publikum var fulle av lovord etterpå. Rune Larsen kan kunsten å snakke så tilhøyrarane lyttar, og som solist i ei gospelavdeling saman med det dyktige lokale koret ”Tolvtetten” fekk han alle til å sleppe seg laus, - også publikum let seg rive med på ”Down by the riverside”, både til å synge og klappe rytmen!
Ein kan diverre ikkje skrive om alle dei dyktige deltakarane, men det må vere lov å nemne ”Sirene” med dirigent T. Hauge, damekoret som har vunne høgthengande prisar i konkurransar i inn- og utland. Dei song m.a. ”Mellom bakkar og berg” så tirande reint og fint som ein sjeldan høyrer. Nemnast må også soloinnslaga av syskena Even og Tomine Sævik, begge solistar i kvar sine kor. Med si tolking av ”Operator! Information! Give me Jesus on the line” fortente verkeleg unge Even den begeistra applausen han fekk! Stor applaus fekk også Elise Nærø, både som solist, og i duett med vår eigen Erhard! Erhard syng også i ”Tolvtetten”, og der er det ikkje kven som helst som får vere med!
Andakten som Thorvald Hartviksen heldt, er nemnt i innleiinga. Ein konsert med meining!


Herøy Gospelkor

Eldretreffet kunne by på Erhard Hermansen, duett ved pastorane Hartviksen og Berntsen Stølevik og allsong leia av Elsa Svoren, Norvall Igesund og Harry Andersen, og det samla over hundre tilhøyrarar på dagtid onsdag. Som eit ekstra overraskingsmoment gjekk Rune Larsen på scena og song ”Aftenbønn” og ”Den fyrste song”, to kjære songar som gledde tilhøyrarane. Så fekk alle varm lunsj, og kaffi og kaker attpå, - alt gratis, slik som det var lagt opp til denne veka!

Kyrkjelydsfesten fredagskvelden samla også mykje folk. Her skal berre eit par punkt refererast.
Leif Erik Nilsen talte, og han gjekk ut frå Salme 120-134, som alle har overskrifta ”Ein song til festreisene”. Folket er på veg til tempelet i Jerusalem, der dei venta å møte Gud. - Kvar bur Gud no? I himmelen, ja, men også hos sitt folk, i fellesskapet! Kyrkjelyden er Guds adresse på jorda! – I si helsing seinare minte Eldar Skeide om Fil. 4,8 og Jak. 1.17, og at kyrkjelyden måtte bruke alle gode gåver som finst i den til Guds ære! Elles kan nemnast eit nyskrive musikalsk verk av Vegard Woldsund, allsong og flott song av grupper og kor, presentasjon av den rykande ferske Jubileumsboka og nye liturgiske møblar, muntre historier ved A. Løyning, og filmklipp frå turar og fester som har vore, med meir!


Utdeling av jubileumsboka til tre tidlegare pastorar

Jubileumssøndagen. Denne veka kom sommaren endeleg til Fosnavåg med sol, varme og blå himmel, noko som sette ein ekstra spiss på jubiléet. Søndag var kyrkjesalen med plass til bortimot 300 menneske meir enn fullsett av gjester frå fjern og nær. Synodeformann Arnfinn Løyning, presbyterieformann Leif Erik Nilsen og ordførar i kommunen, Arnulf Goksøyr, kom med helsingar og gåver i gudstenesta, og representantar for frikyrkjene i nabokommunane Volda, Ørsta, Langevåg og Ålesund, og frå DNK og Sion i Herøy kommune bar fram det same under jubileumskyrkjekaffien etter gudstenesta. Dei tidlegare pastorane Eldar Skeide, Erling Stølevik Berntsen og Thorvald Hartviksen var med, dei to sistnemnde heile veka saman med sine fruer. Berre ein av dei 4 tidlegare pastorane som framleis lever, Egil Kraglund, kunne ikkje kome til jubiléet.


Arnfinn Løyning gir gåve og helsar frå synoden

Siv Anne Sævik og hovedpastor Erhard Hermansen leia gudstenesta. Barne- og ungdomspastor Geir Lande greidde som vanleg å engasjere dei minste, også då han pakka ut ”jubileumsgåven” til kyrkjelyden!
Bandet var forsterka med mellom anna trompet ved Camilla Hermansen, noko som bidrog til feststemning heilt frå starten av. Opningssalmen inneheldt temaet for dagen: Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid! Hebr. 13,8.: ”Stor er din trofasthet, Herre og Fader, skiftende skygge når aldri din sti. Du er den samme, din miskunn er evig, slik som du var, skal du alltid forbli”.


Kyrkjelyden ved Aase Nerem Bø takkar pastorane for innsatsen

Det vart lagt til rette for barna med bibelforteljing og flanellograf ved Lillian Kvalsvik, og gudstenesta var elles prega av mykje god song og musikk: Barnekora Lisje-Frik og Baluba, Herøy Gospelkor med sine leiarar Vegard og Synnøve Woldsund, og det midlertidig ”gjenoppståtte” Herøy Frikyrkjekor gledde tilhøyrarane. Jannicke Svoren Dikbas på flygel og Elsa Svoren på trekkspel gav allsongen ”Han er min sang og min glede” eit ekstra løft, og på allsongen elles hadde ein gode forsongarar.

Synodeformann Arnfinn Løyning hadde overskrifta ”Framtid og von” over sin tale på jubileumsfesten: ”For eg veit kva tankar eg har om dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar, eg vil gje dykk framtid og von!” (Jer. 29.11) Vi kan ha fred frå fortida og håp for framtida nettopp fordi det er Guds vilje å frelse dei som trur, og Hans tankar om oss står fast! Her på jorda er alt i endring, men ”Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid”. Derfor er det ingen som kan ta hand om både fortida og framtida vår slik som han! Songen som Frikyrkjekoret song etter talen, understreka same bodskapen, og sluttar ringen til det vi ønskjer å setje som overskrift over jubileumsveka:

Vi vil prise ham, vår Far, som tar hånd om sine barn og i godhet sendte Sønnen til vår jord! Han led døden på et kors for å gi oss evig liv! Ja, han lever, og hans løfter gjelder oss!
Til vår Gud vil vi gi all lov og ære, til vår Gud skal vår takk og tillit være, til vår Gud vil vi synge jubelsanger! Til vår Gud!

Stor breidde over arrangementa Det er rekna med at bortimot 1500 menneske var innom dørene på dei ulike samlingane desse dagane! Arrangementskomitéen, med pastor Erhard Hermansen i spissen, hadde den overordna planlegginga av jubileumsveka og gjorde ein kjempejobb, ikkje minst under gjennomføringa, men det skal seiast at dei hadde god hjelp av ”fotfolket”, som m.a. pynta, dekka bord, baka kaker og laga mat, rydda og vaska opp. Song- og musikkinnslag, misjonsskodespel og teknisk tilrettelegging m.m. kravde nok også mykje førebuing, og resultatet vart noko for einkvar alder og ”smak”. Gleda over å kunne feire ei livskraftig, hundreårig frikyrkje har vore god motivasjon!

Les den nye jubileumsboka! Redaksjonskomitéen har stort sett valt å konsentrere seg om dei siste 25 åra, sidan historia frå dei første 75 åra er godt dekt i heftet frå 1987. Jubiléumsboka ”Herøy Frikyrkje” vart presentert og delt ut til medlemmene på kyrkjelydsfesten fredag 22.6., og den skal etter kvart delast ut til medlemmer som ikkje var til stades på festen. Den er elles til sals for ein rimeleg sum til alle som vil kjøpe! Boka er innbunden, har ein tiltalande utsjånad og layout, fleire gode artiklar om alt frå frikyrkjeslekter til kyrkjebygging, intervju med vårt eldste medlem, og helsingar frå både tidlegare pastorar og fleire andre personar med ulik tilknyting til kyrkja. Og den endar med eldsterådet sine draumar for framtida og eit etterord av redaksjonskomitéen. Mange bilete gjer boka absolutt lettlesen trass i sidetalet!

Arnhild Giske Runde, ref.


Bursdagsfest i parken. (Foto Torill Myren)


Eldar tek del i Pastortimen på storskjerm via videopptak


Fire noverande og tidlegare pastorar, presbyterie- og synodeformannen


Fantastisk jubileumskake, laga av Lars Olav Voldsund


kyrkjekaffi med nydelege bløtkaker i rikt utval