Grip dagen

Av: Administrator
29/06-2012

Då barna i Frikyrkja skulle velge kven dei villa ha besøk av til sin dag i jubileumsveka valde dei søstrene Emeline og Sunniva. Og skal ein måle etter steminga i frikyrkja torsdag kveld var dei godt fornøgde med sitt valg.


Torsdag under jubileumsveka arrangerte kyrkjelyden bursdagsfest for små og store med leikar og aktivitetar i parken.

Emeline (15) og Sunniva (13) heiter Gulbrandsen til etternamn og bor i Grimstad. Dei er på farta ei til to helger i månaden med sin fengande song og musikk. På turen til Fosnavåg var også Pappa Tony med, men dei to jentene hadde full kontroll på konserten sjølve. Dei fleste songane dei framførte på konserten var henta frå den nye plata ”Inntil deg”. Dette er moderne og fengande pop med eit klart bodskap. Jentene seier at Jesus betyr mykje for dei og mange av songane handlar om trua og det å vise kva ein står for.


Emeline & Sunniva hadde bilde og film på veggen under alle sine songar, her frå Hjertet danser.

Sceneshowet er viktig for både dei to på scena og ikkje minst for ungane i salen og sjølv om Emeline hadde sin første dag uten krykjer etter ein skade i ankelen, hadde dei eit sprekt show å vise. Etter konserten hadde barne og ungdomspastor eit opplegg med dei frå femte klasse der dei skulle overnatte i kyrkja. Emeline og Sunniva var med utover kvelden og lærte mellom anna vekk nokre av sine dansetrinn. Dette var svært populært mellom tweensa.


Emeline instruerer barna i kyrkja i dans.

Songen Grip dagen var ein av dei jentene, og den viser litt av livsgleda som desse to tenåringane spreier rundt seg. Den handlar om kor bra dagen og mulegheiten Gud har gitt er, og om kor viktig det er å ta vare på dei mulegeitene i livet. Og dette er nettopp det vi vil formidle til ungane som kjem til kyrkja vår seier barne og ungdonspastor Geir M. Lande.