Vellukka misjonskveld og eldretreff

Av: Administrator
22/06-2012

Tysdag kveld vart jubileumsveka innleia med misjonskveld der tidlegare misjonær i Mali, Katie Møgster tale og eit misjonsskodespel med hending frå 1920 vart sett opp til ettertanke og latter.


Eit misjonsskodespel med handling frå 1920 vart sett opp under misjonskvelden tysdag.

Det var misjonsbibelgruppene som inviterte til misjonskveld og programmet vart avslutta med kaffi og kake på kyrkjetorget. Erling Berntsen Stølevik som var pastor i kyrkjelyden frå 1988 til 1990 song akkompagnert av kona Anne Grete Berntsen Stølevik.


Tidlegare pastor, Erling Berntsen Stølevik, deltok med song på misjonskvelden tysdag.


Under misjonskvelden gledde Kvalsundjentene f.v. Vilde Kvalsund, Kristina Goksøyr, Kanutte Kopperstad og Edel Maria Goksøyr kyrkjelyden med song.

Meir enn hundre eldre og yngre hadde funne vegen til kyrkja då det onsdag vart innbydd til eldretreff. Som eit ekstra overraskingsmoment steig den kjende songaren Rune Larsen på scena og song ”Aftenbønn” og ”Den fyrste song”, to kjære songar som gledde tilhøyrarane. To andre som gledde festlyden med song var dei to tidlegare pastorane Thorvald Hartviksen og Erling Berntsen. I fleire år gledde musikklaget kyrkjelyden med song, og Elsa Svoren hadde fått med seg Norvall Igesund og Harry Andersen og saman leide de i allsong.


Under eldretreffet i Frikyrkja onsdag deltok kyrkjelyden sine tidlegare pastorar Thorvald Hartviksen (t.v.) og Erling Berntsen Stølevik med tale og song.

På kyrkjetorget var det dekka til fest, og mens praten gjekk livleg vart det servert brennsnut, kake og kaffi.


Eldretreffet vart avslutta med brennsnut og kake på kyrkjetorget.