Ein god stad å vere familie

Av: Administrator
05/06-2012

Familien Goksøyr er engasjerte på alle nivå i Herøy Frikyrkje. Slik er det for mange, trur dei, og meiner felleskapen som kyrkjelyden byd på gjer frikyrkja til ein god stad å vere familie.(Tekst/Foto: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


Jan Magne Goksøyr sine oldeforeldre var med å skipa Herøy Frikyrkje i 1912 og heile familien meiner fellesskapen som kyrkjelyden byd på gjer frikyrkja til ein god stad å vere familien. Foran f.v. Kristina og Edel Maria, bak f.v. Ole-Martin, Erle Johanne, Jan Magne og Bente P. Goksøyr.

Jan Magne Goksøyr vart fødd inn i Herøy Frikyrkje, slik generasjonane før han i familien. Oldeforeldra Sæmund og Inga var med og skipa Herøy Frikyrkje i 1912. Men det skal meir enn tradisjonar til for å finne meining i å gå så aktivt inn i kyrkjelyden som familien hans har gjort sidan dei flytta til Herøy i 2001. – Vi ser at det går ein tråd her, men det ligg nok eit langt meir bevisst val bak ønskjet vårt om å bli ein del av kyrkjelyden enn berre tradisjonar. Beslutninga fortel vel meir om korleis vi ønskjer å leve liva våre, enn kva folk før oss har gjort, seier Bente Pundsnes Goksøyr, som ikkje hadde noko spesiell tilknyting til frikyrkja før ho flytta til Herøy.

Engasjerte på alle nivå

I dag er familien engasjerte på alle nivå i Herøy Frikyrkje. Jan Magne sit i eldsterådet og i presbyteriestyret for frikyrkjene på Vestlandet. Han sat også i byggjekomitéen som planla og leia oppføringa av det nye praktbygget til kyrkjelyden. Bente har vore med og drive barnekor sidan ho kom til Herøy og i den nye kyrkja er ho mellom dei som har ansvar for lyden ved ulike arrangement. I tillegg har Bente site i innreiings- og utsmykkingskomitéen for det nye kyrkjebygget.

Gler seg til å bli junior

Med unntak av eldstemann Ole-Martin (17), som har vakse litt ut av aktivitetane han deltok i før, er barneflokken på fire aktive i kor, søndagsskule og gudstenester. Kristina (11) er også med i «Junior». Edel-Marie (9) er førebels for ung til det, men fortel at ho gler seg til det blir hennar tur. Og om nokre år følgjer truleg minstejenta Erle (3) i storesystrene sine fotefar. Utanom alt som skjer i frikyrkja er jentene aktive innan både song og dans i Herøy kulturskule. Ole-Martin er blant kjernen av ungdomar bak «Fredagstreffet» i Herøy kyrkje.

Straum av familier til frikyrkja

Skal ein tru Jan Magne og Bente er det ikkje spesielt uvanleg at barnefamiliane engasjerer seg breidt innanfor Herøy Frikyrkje. Og i dei seinare åra har nettopp denne gruppa stått for ein vesentleg del av medlemsveksten.

Tett og godt fellesskap

– Herøy Frikyrkje byd på eit tett og godt åndeleg og sosialt fellesskap, på tvers av aldersgrupper. Her har vi mange av venene våre, og fellesskapen strekkjer seg gjerne langt utanfor det som skjer i kyrkja. Mellom anna reiser vi ofte på turar ilag. Så om der er familier som ønskjer ein fellesskap å involvere og engasjere seg i, kan dette anbefalast, seier Jan Magne til samtykkande hovudnikk frå resten av familien. Når vi spør barneflokken om dei synest det er kjekt å gå i frikyrkja er vi heller ikkje spesielt overraska over å verte møtt med eit samstemt «ja». For som Bente og Jan Magne Goksøyr seier det, er Herøy Frikyrkje ein god stad å vere familie.