Kyrkjedagen 2012
- Vi gir til Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
23/05-2012

«I Herøy Frikyrkje ynskjer vi å ta dine behov på alvor og legg opp til varierte aktivitetar, gudstenester og samlingar for små og store».

Kvart år på pinsedag tar Frikyrkjelydane over heila landet opp ei gåve til eit spesielt prosjekt. I år går gåva til utbygginga av det nye kyrkjebygget til Herøy Frikyrkje


Herøy Frikyrkje vart stifta 24. juni 1912 og feirar i år sitt 100 års jubileum. Kyrkja ligg midt i Fosnavåg sentrum og i fjor haust vigsla vi eit nytt og flott kyrkjebygg med mellom anna ny kyrkjesal, kyrkjetorg, nytt hovedkjøkken, søndagsskulerom, ungdomsavdeling og eigen kontoravdeling.

Herøy Frikyrkje driv eit godt barne- og ungdomsarbeid, med søndagsskule, barnekora Lisje-Frik og Baluba, tweens grupper, KRIK, junior, ungdomsgruppe og Herøy Gospelkor. Meir enn 200 born og unge deltek på dei ulike aktivitetane i kyrkjelyden. Gudstenestebesøket er aukande med eit snitt på over 130 det siste året.

Å bygge ut kyrkja slik vi har gjort har vore nødvendig, men har vore eit stor løft for oss økonomisk. Utbygginga kosta over 23 millionar og vi er svært takksame for all god hjelp

Synodestyret anbefaler årets kirkedagsoffer til Herøy Frikyrkje.

Kirkedagen 2012 - Kontonummer: 8220.02.86169