Bob Dylan-messe i Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
22/03-2012

Sven Aasmundtveit som har oversett dei fleste av Bob Dylan sine songar til norsk kjem saman med lokalt band.


Bob Dylan Messa laurdag kveld vert leia av pastor Erhard Hermansen og Siv Anne Sævik, og i bandet saman med Sven Aasmundtveit finn vi Vegard Voldsund, Tor Arne Leine og Rune Sævik

Sven Aasmuntveit fortel at heile Bob Dylan sin produksjon er gjennomsyra av bibelsk språk og tankegang. Dette gjeld heilt frå hans første innspeling i 1962 og fram til hans siste i 2001. På mange måtar er det den profetiske røyst som er det dominerande hos han; skildringa av verda som har kome "av hengslane", kallet til omvendelse og advarselen om at det vil kome ein dom over verden. Det spesifikt kristne bodskapet om frelsaren Jesus Kristus kjem nokon stader tydlegare fram, andre stadar som meir underliggjande bildebruk. No har vi laga ei messe der Bob Dylan sina songar er eit viktig utgangspunkt, så er det eit forsøk på å kople aktualiteten i songane hans saman med kyrkja sin tusenårige tradisjon. Det er i dette spennet at messa fungerer og vibrerer.

- Den raude trådener kyrkja sin gamle liturgi. Alle messeledda er med. Gjennom Dylan sine songar opplever vi kor aktuelle desse ledda er. Det handlar om behovet for å vende seg til Gud, og takksemda over den frelse han gir til oss som tar i mot bodskapet, seier Sven Aasmundtveit.

Herøy Frikyrkje ønsker alle velkomen til Bob Dylan Messe laurdag kveld.