Eldar Skeide besøker Frikyrkja

Av: Administrator
19/01-2012

Frå 1990 – 1999 var Eldar Skeide pastor i Herøy Frikyrkje. Han er i dag busett i Sula kommune og arbeidar som lærar. Laurdag og søndag besøker han Herøy Frikyrkje.


Eldar Skeide

Herøy Frikyrkje feirar i år sitt 100 års jubileum. Jubileet vert markert med ulike arrangement gjennom året og ei storfeiring i juni. I løpet av året vil vi og få besøk av tidlegare forstandarar. Først ut er Eldar Skeide som er ein dyktig forkynnar og god bibelundervisar. Herøy Frikyrkje gler seg til hans besøk. Laurdag held han bibeltime og søndag taler han på gudstenesta. I gudstenesta deltek også pastor Erhard Hermansen og det vert song av Synnøve og Vegard Voldsund. Herøy Frikyrkje vonar mange finn vegen til kyrkja laurdag og søndag.


Synnøve og Vegard Voldsund