Bibel for nye generasjonar og nye media

Av: Administrator
21/10-2011

19. oktober vert den nye omsettinga av Bibelen til Bibelselskapet lansert og i gudstenesta 23. oktobert vert dette markert, fortel pastor Erhard Hermansen.


– Når Bibelselskapet har investert i ny omsetting av Bibelen, er det ikkje minst med tanke på nye generasjonar. Dei skal få oppleve at Gud snakkar deira språk, seier generalsekretær Stein Mydske i Bibelselskapet.

– Vi håper også at vi gjennom ei ny omsetting kan nå ut til mange nye lesarar. Difor blir bibelteksten også lansert i andre medium, og ikkje bare som bok. Vi veit at ungdom brukar meir tid på mobiltelefon, iPad, lesebrett og PC enn på vanlege bøker. Der skal dei også finne den nye Bibelen.

Nynorsk og bokmål samtidig
– Vi er privilegerte som får to nye omsettingar av Bibelen samtidig, ein på nynorsk og ein på bokmål. Det er ikkje meir enn 107 år sidan den første heile Bibelen kom på riksmål (1904) og det er 90 år sidan den første heile Bibelen kom på nynorsk (1921), fortel Mydske. – Kvifor var det nødvendig med ny omsetting no? – Norsk språk forandrar seg raskt, og det er difor ei spesiell utfordring å lage eit nytt bibelspråk som både kommuniserer godt med ungdom og som ikkje blir for kvardagsleg og uhøgtideleg.
Dette var hovudgrunnen til at arbeidet med å revidere 1978-omsettinga blei sett i gang.

Nytt bibelspråk
Synet på kva som er den beste og rettaste metoden for omsetting har også endra seg dei siste 30- 40 åra. Den førre omsettinga var meir meiningsbasert og brukte langt fleire ord for å omskrive orda i den hebraiske og greske teksta. – Bibel 2011 får eit meir moderne norsk språk både på nynorsk og bokmål. Ord som ikkje lenger er i vanleg bruk og som for mange er uforståelege, blir bytta ut. Bibel 2011 får eit norsk bibelspråk som ligg tettare opp til den opphavlege teksten. Det gjeld særlig i bruken av ordbilde og metaforar, noko som blir tydeleg i både forteljande og poetiske tekster, seier generalsekretær i Bibelselskapet, Stein Mydske.

I gudstenesta søndag 23. oktober vert det mykje lesing frå den nye omsettinga, seier Erhard Hermansen