Dykking. Drama. Død. Og det gode liv…
Ian Mc Cormack besøker Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
05/10-2011

Ian McCormack frå New Zealand gjestar Ulsteinvik og Herøy på Sunnmøre 30. og 31. oktober. Med lidenskap for hav og sjø, brukte Ian sin ungdom på surfing, dykking og det somme ser på som ”det gode liv” – med piker, vin og sang…, og surfing! I den verdsvide jakta på den perfekte bølga, enda han opp på den eksotiske øya Mauritius utanfor Austafrika. Der skulle hans sjølvsentrerte livsstil få ein brå slutt.


Ian McCormack: "Eg døydde - men overlevde for å fortelje historia!"

Ei natt i 1982 då han blei med ein kompis ut på dykking, skjedde den forferdelige ulykka: Han vart stukken fem gongar i arma av ein av dei mest dødelege skapningar på jorda - ein boksmanet (’box jellyfish’ på engelsk). Kun ein er nok til å drepe eit menneske på 4 minutt. Han greidde så vidt å kome seg på land og vart omsider lagt inn i ambulansen, der han svevde mellom liv og død. Før han slokna fekk han bedt ”Fadervår” får sitt djupaste hjerte; ei oppleving som endra livet hans for alltid.

Ian Mc Cormack kom tilbake frå klinisk død. I mellomtida hadde han opplevd noko som han no reiser verda rundt og fortel om – noko han har fortsatt med i 29 år.
Hans liv tok ei total ny vending frå den dagen. Ateismen vart utbytta med eit levande engasjement for det ekte GODE LIVET. Dette engasjementet vil han bre vidare, og leder folk tilbake til Guds gode og sanne Ord om det evige livet.

Vi i komiteen for den Tverrkyrkjelege Lovsongskvelden ser med forventning på hans ja til vår invitasjon. Formatet på desse kveldane endrar seg litt for kvar gong. Etter ein fullpakka sal lytta til dei flotte tonane av Solveig Leithaug på forrige Lovsongskveld, så trur vi at både Sjøborg og Herøy Frikyrkje kjem til å fyllast opp desse to kveldane. Det skal bli allsong, og det skal bli tid til å lytte til denne underlige historia. Lovsongsband og kor blir med.

Vi håper at du får lyst til å ta turen på eitt av dei to møta – sjølv om du kanskje ikkje har noko forhold til desse ”kristne greiene”. Ta sjansen og prøv! Kva har du å tape? Du er hjerteleg velkomen.

Med vennlig helsing
Lovsongskveld komiteen