Festdag for heile Fosnavåg
– då Herøy Frikyrkje vart vigsla søndag

Av: Administrator
21/09-2011

Leiinga i Herøy Frikyrkje fekk akkurat den folkefesten dei hadde håpa på då det nye kyrkjebygget vart vigsla søndag. (Tekst/foto: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


Det var langt fleire enn menigheita sine eigne som ville ta del i den historiske hendinga. Førre gong Herøy Frikyrkje vigsla nytt bygg var i 1967. Byggherrane den gongen ville nok sikkert vore mektig imponerte over det staselege kyrkjebygget som no er teke i bruk.

Flagg og ballongar

I staden for den tradisjonelle inngangsprosesjonen vart kyrkjelyden overrumpla og overraska av eit barnetog med flagg og ballongar, til gladtonar frå fullt band - og straks var alle med og song «Byggje Guds rike». Eit fargerikt og friskt innslag, som fekk alle i den rette feststemninga.



Overengasjert vaktmeister

Og før ein eigentleg kom heilt i gang med samlinga, var det duka for nok ei overrasking då ein overengasjert «vaktmeister» spela av Jonathan Sævik, troppa opp og kom med lattervekkjande konklusjonar og meiningar om det meste ved nybygget...

– Dette er dagen

Hovudpastor Erhard Hermansen og Siv Anne Sævik delte på jobben med å leie gudstenesta. Hermansen opna med bibelordet:
– Dette er dagen som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no, frå kapittel 18 i Salmane.
– Vi har venta lenge og gleda oss lenge til denne store dagen, og no er den endeleg her, slo Siv Anne Sævik fast, til applaus frå salen.

Vil fylle kyrkja med kjærleik

Erhard Hermansen ville gjerne opne med å takke alle som har bidrege til at det nye frikyrkjebygget er kome på plass.
– Det har vore lagt ned mykje dugnad. Hadde det ikkje vore for det ville vi nok ikkje vore i mål denne dagen, sa han.
– No er bygget, «nyefrikyrkja» endeleg klar til å brukast. Vi har fått mange flotte rom, som vi skal fylle med folk, gode aktivitetar og ikkje minst kjærleik, sa Siv Anne Sævik, og kom med det inn på temaet for vigslingsgudstenesta - «Størst av alt er kjærleiken».

Mange av Frikyrkja sine eigne bidrog på festdagen. Mellom dei var Herøy gospelkor, som heldt liv i feststemninga til det var tid for den offisielle vigslingshandlinga.

Gripande vigslingshandling

Tilsynsmann for Herøy Frikyrkje i Vestre distrikt, Leif Erik Nilsen, leia an i bøner og tekstlesing etter den fastsette liturgien for vigsling av nye kyrkjebygg.
For mange vart sjølve vigslinga ei svært gripande stund. Ikkje minst for alle dei som har bore draumen om det nye bygget med seg i snart 10 år.


Blomstrande unge talent

Fleire av dei unge i Frikyrkja stod klare til å kaste glans over den historiske samlinga. Elisabeth Kvalsvik framførte «Som barn i ditt hus», før neste års konfirmantar vart presenterte for kyrkjelyden.
Elise Nærø har ei tid øvd ilag med dei største barna i Baluba, og søndag fekk kyrkjelyden framført eit knippe av songane dei har øvd inn. Eit triveleg og varmande innslag.


Før ein gjekk laus på siste delen av gudstenesta, fekk dei minste vere med klovnen Fix og ungdomsarbeidarane i Frikyrkja til kjellaren, der dei etter kvart skal ha base for sine aktivitetar i kyrkja.

– Dette blir så bra

Synodeformann Arnfinn Løyning heldt talen for dagen, og det gjorde han ved å gripe fatt i temaet for dagen, nemleg «kjærleiken». Men først nytta han høvet til å gje uttrykk for kor imponert han var over det nye kyrkjebygget.
– Dette blir så bra, for alle som bur her, slo han fast.

Heider og roser

Etter at hovudpastor Erhard Hermansen las velsigninga over kyrkjelyden, for aller første gong i ny kyrkje, vart representantar for alle dei ulike komitéane som har jobba med kyrkjeprosjektet ropt fram til scena. Der venta det dei både heider, og kvar si raude rose for innsatsen. I tillegg får kvar av dei ein valfri gratis billett til ein av dei spennande konsertane i Herøy Frikyrkje framover.

– Spennande prosjekt

Siste post på det offisielle programmet var den tradisjonelle helsingsrunden, og der var det mange som ønskte ordet. Synodeformann Arnfinn Løyning hadde med helsing frå synodestyret, og det omfatta også ein sjekk på 5.000 kroner. Leif Erik Nilsen overleverte ein sjekk på 1.000 kroner, då han helsa frå sin del av frikyrkjeorganisasjonen i Norge.
Entreprenør Sindre Thorseth i Prosjektbygg As helsa både på vegne av seg sjølv og alle underleverandørane. Thorseth hadde dessutan med seg ein heil pakke kvitevarer og eit gåvekort på 5.000 kroner, som frikyrkja kan «tære på» til andre innkjøp.
– Dette har vore eit svært spennande prosjekt, og vi har kunne setje pris på eit utruleg godt samarbeid med komitéane som har styrt prosjektet frå Frikyrkja si side, sa han og takka for oppdraget.


Tolking av Frikyrkja sin natur

Arkitekt Georg Grimstad er mannen bak dei spesielle linene i det nye frikyrkjebygget. Då han endeleg kunne sjå seg rundt inne i produktet sin eigen kreativitet og fantasi, var han godt nøgd.
– Det de ser her i dag er ei visuell tolking av frikyrkja sin natur. Eg set stor pris på at de tok sjansen på å bygge kyrkja slik skissene la opp til. Det har vorte landemerke i Fosnavåg, utan å vere prangande eller dominerande, men heller meir som eit litt storvokst familiemedlem i bygda, smilte han og ønskte kyrkjelyden lukke til i nytt hus.


Gratulantar i kø

Kommuneleiinga i Herøy var invitert til vigslinga, men var ikkje representert. Det var imidlertid dei kringliggjande menigheitene, som stod i kø for å gratulere og overrekkje gåver. Og før den seansen var over hadde Herøy Frikyrkje alt fått ordna mykje av utsmykkinga som bygget vil trenge framover. Den delen av jobben har dei mål om å verte ferdige med til jul.


Kyrkjekaffi og ope hus

Elles er kyrkja ferdig, og i samband med kyrkjekaffien etter gudstenesta fekk folk høve til å sjå seg rundt i den nye stoltheita til Herøy Frikyrkje.