Feststund for alle i ny kyrkje

Av: Administrator
09/09-2011

Når det nye stasbygget til Herøy frikyrkje vert vigsla søndag ønskjer frikyrkja at det skal vere ein festdag for alle, og ikkje berre for menigheita sine eigne. (Tekst/bilete: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


– Vi håper at så mange som muleg vil bruke søndagen til å bli kjend med den nye kyrkja, og delta i feiringa vår av at vi endeleg kan ta i bruk nybygget, seier hovudpastor Erhard Hermansen, som leier den historiske vigslingsgudstenesta saman med Siv Anne Sævik.

– Det blir ei feststund for både store og små, der vi ønskjer å involvere heile spekteret av kva frikyrkja romer, av til dømes kor for barn, ungdom og vaksne. Vi opnar med eit fargerikt inntog, med flagg og ballongar til frisk musikk frå fullt band, seier Sævik.


Kyrkje for heile familien

– Det er veldig viktig for oss å vise at vi er ei kyrkje for heile familien, med ein breidde av aktivitetar og tilbod, som vi håper vil vekse vidare innanfor det nye og tenlege bygget vi no tek i bruk, seier Erhard Hermansen.

Vigsling, klovnerier og kaker

Herøy Frikyrkje har prominente gjester på besøk når det nye kyrkjebygget skal vigslast  søndag. Synodeformann og frikyrkja sin øvste leiar, Arnfinn Løyning kjem for å delta i feiringa. Det gjer også Leif Erik Nilsen, menigheita sin tilsynsmann i Vestre distrikt, og det er han som skal leie sjølve vigslingsseremonien, fortel Hermansen.

– Den første delen av gudstenesta er alle saman. I den andre delen, der det mellom anna vert opna for helsingar, går dei yngste til sitt ilag med barne- og ungdomspastor Geir M. Lande, seier hovudpastoren. Der er klovnen Fix også med, for å illustrere historia om Noahs ark på sin heilt spesielle måte, får vi opplyst.

– Avslutningsvis samlast vi alle til kyrkjekaffi, med eit rikt utval av gode kaker. Vi håper alle tek seg tid til å vere med på den delen av feiringa også, seier Erhard Hermansen.

Ein perfekt plattform

Barne- og ungdomspastor Geir M. Lande og Bente Goksøyr, som leier LisjeFrik og Baluba, er mellom dei som har sett mest fram til å kunne ta i bruk det nye kyrkjebygget.

– Vi har hatt behov for fleire rom til eit allereie omfattande barne- og ungdomsarbeid. No har vi fått ein perfekt plattform å byggje tilboda vidare på, seier Lande.


Lågterskeltilbod

Bente Goksøyr har stor tru på at alle dei nye mulegheitene som kyrkjebygget byr på, vil slå positivt ut på aktivitetane for dei yngre i menigheita.

– Målet er at alle roma her skal bli fylt av musikk og kreativitet. Vi ønskjer å tilby eit lågterskeltilbod for barn og unge, der dei sjølve er med på å forme innhaldet, seier ho.

Lang og kronglete veg

Prosessen bak det nye frikyrkjebygget har vore både lang og kronglete, kan Kjetil Myren i byggjekomitéen fortelje.

– Vi starta planarbeidet allereie i 2002-2003, men så vart prosjektet lagt dødt i nokre år. I 2007 tok vi opp att tråden, og Georg Grimstad fekk oppdraget med å utarbeide skissene over korleis bygget skulle sjå ut, seier han.

Gåver og innsamla midlar

For ei ikkje-statleg kyrkje byr finansieringa av eit slikt nybygg ein solid arbeidsinnsats og kreativitet. Det er svært lite å hente frå offentleg hald.

– Det meste kjem gjennom  innsamla midlar og gåver, i hovudsak frå næringslivet og menigheita sine eigne, seier Myren.

Enorm dugnadsvilje

I 2009 vart prosjektet prisa, og i slutten av april i fjor vart det vedteke å starte byggjearbeida. Sidan har prosessen gått nesten som på skinner, med nokre små skjer i sjøen her og der. Gjennom enorm dugnadsvilje har ein både halde prosjektet innanfor dei økonomiske rammene og sikra ei normal byggjetid.

– Eg ser ikkje vekk i frå at verdien på dugnadsinnsatsen som er lagt ned kan kome opp mot ein million kroner, meiner Kjetil Myren.


Mykje for pengane

Prislappen på det ferdige kyrkjebygget har passert 20 millionar kroner. Likevel er det rimeleg med tanke på kva Herøy Frikyrkje har fått for pengane. For å nå det målet har det vore nødvendig å ofre noko og inngå  kompromiss der det har vore muleg når det gjeld materialval og liknande. 

– Når vi til dømes har valt linoleumsbelegg i kyrkjesalen, så er det ikkje berre av praktiske årsaker. Økonomien i det heile spelar ei vesentleg rolle, seier han.

Ikkje heilt i mål

No står bygget klart til bruk, men heilt ferdig er det ikkje, kan Erhard Hermansen fortelje.

– Vi gjekk tom for maling og i grunnen også malevêr for å kome i mål med fasaden. I kyrkjesalen manglar vi framleis ein talarstol, døypefat og eit nattverd/altarbord, og når det gjeld utsmykkinga står det mykje att. Men det vil vi vere i mål med før jul, i god tid før vi byrjar på 2012, når Herøy Frikyrkje kan feire sitt 100-årsjubileum, seier han.


Vil vere ei opa kyrkje i sentrum

Om nokon av detaljane framleis manglar, er kyrkja klar til å føre Herøy Frikyrkje inn i dei neste 100 åra for menigheita. 

– Målet vårt er å vere ei opa kyrkje i sentrum, der folk kan kome saman også utanom gudstenestene, seier Hermansen, og ser fram til å kome i gang for fullt under nytt tak.