Feirar ny frikyrkje med gratis «Verdilunsj»

Av: Administrator
02/09-2011

Herøy Frikyrkje feirar det nye kyrkjebygget sitt i sentrum med å gi noko tilbake til lokalmiljøet som har bidrege til å realisere prosjektet. Tysdag 13. september byd dei på gratis «Verdilunsj», med meir enn god mat på menyen.(Tekst/bilde: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


– Vi tek i bruk det nye kyrkjebygget vårt 11. september. Det vil vi markere breidt, og som ein del av feiringa vil vi gjerne gi noko tilbake til samfunnet rundt oss, som har bidrege til at bygget no er ein realitet. Både næringslivet og det offentlege. Det gjer vi konkret ved å invitere til ein gratis verdilunsj, med god mat og godt program i frikyrkja tysdag 13. september, seier hovudpastor Erhard Hermansen på vegne av arrangørkomitéen.

Spennande program

Det er ingen kven som helst frikyrkja har fått til å levere dei «åndelege» innhaldet under verdilunsjen. TV-pastor Egil Svartdahl er kjend for dei fleste, og han held hovudinnlegget denne dagen med tittelen «Verdienes verdi». Rådmann Rune Sjurgard snakkar over temaet «Verdiar i kvardagen», medan forretningsmann og samfunnsbyggjar Per Sævik vil snakke om temaet «Ein god arbeidsplass - korleis skapast den?»

– Fosnavåg er kåra til «Årets Næringsby» to gongar på tre år. Denne dagen rettar vi fokuset på noko meir enn berre økonomiske verdiar, og vi håper at mange vil nytte høvet til å delta på ein slik «time out» frå arbeidskvardagen, seier Hermansen.

Påmelding

Den nye frikyrkja har plass til mange, og til lunsjen har ikkje arrangørar problem med å bordsetje 150 gjester eller fleire. 

Verdilunsjen er som nemnt heilt gratis, men for at arrangørane skal vite kor mange dei skal bestille lunsj til, er dei avhengige av at deltakarane melder seg på til samlinga på førehand.