Barnegospeltreff og Konsert med Oslo Soul Children

Av: Administrator
14/06-2011

I år blir det arrangert gospeltreff under Maritim Sommarfestival for tredje år på rad. Dette har vore ein stor suksess, seier pastor Erhard Hermansen. Han har deltatt i festivalkomiteen dei tre siste åra, og bidratt til at festivalen har fått endå eit populært innslag.


Seven-jentene har vore med på festivalen dei to siste åra, og dei kjem gjerne tilbake til Fosnavåg på grunn av den positive opplevinga dei hadde her i kystbyen vår, legger Erhard til. Og han reknar med Oslo Soul Children får like god mottaking når dei kjem.

Oslo Soul Children treng inga nærare presentasjon. Koret har gitt ut fleire plater og opptrådt med ein rekkje kjende artistar som blant anna A1, Josh Groban, Kirk Franklin, Samuel Ljungblahd, Erik og Kriss, Donkeyboy, Wig Wam, Norwegian Gospel Voices, Mosaic, Aleksander Rybakk, Maria Haukaas Storeng, Venke Knutson, Kine Ludvigsen Fossheim, Knut Anders Sørum, Lisa Børud, Maren Flotve Reme, Hanne Krogh og monge fleire. Oslo Soul Children feirer i år sitt 10 års jubileum og startar sommerturneen i Herøy. Koret har gitt ut ei rekke plater og er i jubileumsåret aktuelle med plata ”Love”

Ragnhild Hiis Ånestad er dirigent og grunnleggjar av Oslo Soul Children. Ragnhild er ein ettertrakta dirigent som leiier mange prosjektkor i tillegg til å dirigere fleire kor. I 2010 vart Ragnhild kåra til ”Årets barnekordirigent 2009” av Noregs barne- og ungdomskorforbund og like før jul vart koret ved dirigenten tildelt årets Petter Dass pris av avisa Vårt Land

Alle barn! Meld dere på barnegospeltreff i dag! Send epost til kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no