Storfamiliegudsteneste under Maritim Sommarfestival!

Av: Administrator
14/06-2011

På Allmeningskaia i Fosnavåg er det førstkomande søndag storfamiliegudsteneste. Kyrkjelydane i kommunen går saman om å skape denne gudstenesta. Her deltek mellom anna Oslo Soul Children, Barnegospelkoret, kateket Beate Nes, pastor Anton Heggvik og vår eigen pastor Erhard Hermansen.


Fosnavåg ligg lunt til inne i ei av Noregs største naturlege hamner. Dette gjer at festivalområdet ligg perfekt til på Allmenningskaia midt i sentrum. Gjestebrygger ligg rett ved, og det er moglegheit for gratis bobilparkering i gå avstand til alt som skjer. Storfamiliegudstenesta har vore ei perfekt avslutning på ei festivalhelg med fleire tusen besøkande og variert underhaldning for store og små. Mange har funne vegen til Allmenningskaia søndagen, her deltek blant anna barnegospelkoret saman med Oslo Soul Children og det vert fullt band og drama. Som avslutning blir det kyrkjekaffi før telt og scene skal pakkast vekk til neste arrangement i kystbyen Fosnavåg.