Oslo Soul Children til Fosnavåg!

Av: Administrator
20/05-2011

Maritim Sommarfestival er så heldige å få det landskjende koret Oslo Soul Children til barnegospeltreffet i år. Dette kjem til å bli råbra, og vi satsar på ny rekord for både konsert og storfamiliegudsteneste i år, seier pastor Erhard Hermansen frå Herøy Frikyrkje.


I vinden
Oslo Soul Children har deltatt i mange tv-program dei siste åra, deriblant den populære serien AF1 som gikk på NRKsuper nylig. Koret gleder seg veldig til å komme på besøk til Fosnavåg og møte alle som vil delta på gospeltreffet saman med dei. Med seg til Fosnavåg har Oslo Soul Children 20 songarar, dirigent og pianist. No kan alle som vil delta på gospeltreffet melde seg på, opplyser arrangøren. Påmeldingsinformasjon ligg på sommarfestival.no

Barnegospeltreff og konsert
I år blir det arrangert gospeltreff under Maritim Sommarfestival for tredje år på rad. Dette har vore ein stor suksess, seier pastor Erhard Hermansen. Han har deltatt i festivalkomiteen dei tre siste åra, og bidratt til at festivalen har fått endå eit populært innslag. Det er mykje å glede seg til for dei som vil vere med på både gospeltreff, konsert eller storfamiliegudsteneste. Seven-jentene har vore med på festivalen dei to siste åra, og dei kjem gjerne tilbake til Fosnavåg på grunn av den positive opplevinga dei hadde her i kystbyen vår, legger Erhard til. Og han reknar med Oslo Soul Children får like god mottaking når dei kjem.


Storfamiliegudsteneste
Fosnavåg ligg lunt til inne i ei av Noregs største naturlege hamner. Dette gjer at festivalområdet ligg perfekt til på Allmenningskaia midt i sentrum. Gjestebrygger ligg rett ved, og det er moglegheit for gratis bobilparkering i gå avstand til alt som skjer. Storfamiliegudstenesta har vore ei perfekt avslutning på ei festivalhelg med fleire tusen besøkande og variert underhaldning for store og små. Mange har funne vegen til Allmenningskaia søndagen, der blant andre barnegospelkoret har underhaldt. I år blir det altså saman med Oslo Soul Children. I tillegg blir det band, dans og forteljingar leda av pastor Anton Heggvik, pastor Erhard Hermansen og kateket Beate Nes. Som avslutning blir det kyrkjekaffi før telt og scene skal pakkast vekk til neste arrangement i kystbyen Fosnavåg.

Velkomen til Maritim Sommarfestival og gospeltreff med Oslo Soul Children!




Om Oslo Soul Children:
Mars 2001 startet Ragnhild Hiis Ånestad et barne - og tenåringskor som heter Oslo Soul Children (OSC). Dette er et kor for sangere i alderen 10 - 16 år, som synger musikk i stilartene gospel, rock, pop, soul og R`n B. Etterhvert utviklet dette seg til et korkonsept, som resulterte i en stor korbevegelse som nå har 70 lokale kor i Norge, samt kor i Japan, Indonesia, Bangladesh og Slovakia. Etter hvert fikk Oslo Soul Children tett tilknytning til Acta - Barn og Unge i Normisjon, region Øst, og enda seinere har dette blitt et satsingsområde for Acta og Fribu – Frikirkens Barn og Unge.

Oslo Soul Children har deltatt på følgende Tv-program;

  • NRK1: ”Julemorgen", ”Sommermorgen”, ”Først og sist”, ”Skavland” , ”I Kveld” , "Storbynatt, "Kvelden før kvelden" og ”Litt av et liv”
  • NRK Super ”AF1”, ”Pling Plong”, ”Krem Nasjonal” og “Fin Fredag”
  • TV2 ”God morgen - Norge”, ”Hva Skjerà” og ”Torsdagskveld fra Nydalen”
  • TV3 Casino

Påsken 2004 og 2007, samt høstferien 2010, turnerte Oslo Soul Children i USA. Der holdt koret egne konserter og møtte store gospelnavn som Edwin Hawkins, Tramine Hawkins, Walter Hawkins, Darel Coley, Rikey Grundy, Arvis Strickling-Jones, Tim ”Bishop” Brown, Rodena Preston, Walt Whitman, Percy Gray, Cynthia Nunn med flere.

soulchildren.no/oslo




Kontaktperson gospeltreff:
Erhard Hermansen, mobil: 90 06 15 11

Kontaktperson Maritim Sommarfestival:
Lene Moen Karlsen, mob: 41 40 48 03