Ungdomskveld på bedehuset

Av: Administrator
14/03-2011

Laurdag var det lovsongskonsert på storskjerm og tacobuffé i kjellaren på Fosnavåg Bedehus. I kjellaren samla ungdomen seg rundt borda med brettspel og prat til klokka to på natta.


Vi kallar desse kveldane for FRI, og det er Frikyrkja si laurdagssatsing for ungdom frå 10. klasse og oppover. Her er det ope for alle som treng litt fri i kvardagen.

Neste gong, laurdag 26. mars kl. 21.00, vert det også med band og mykje musikk. På facebook-sida til FRI legg vi ut bl.a. info om komande hendingar. FRI starta opp hausten 2010, og har hatt stor variasjon i alder, god musikk og lovsong - og lange kvelder i kaféen.

Vi vonar mange gode laurdagskveldar utover vinteren og våren!