Grunnsteinen lagt ned i den nye Frikyrkja

Av: Administrator
16/02-2011

Det vart ei høgtidsstund i den nye Frikyrkja då grunnsteinen vart lagt ned og representantar for både ung og vaksen i kyrkjelyden fylde skrinet med innhald. (Foto: Fred Frantzen, Vestlandsnytt)


Olav Ståle Voldsund , diakon, dugnadsleiar og ein av arbeidarane frå Bygg og System, fekk æra av å støype ned grunnsteinen til det nye og prektige Frikyrkjebygget.

Med musikk frå ungdoms- og musikkarbeidar Vegard Voldsund og skriftlesing ved barne- og familiepastor Geir M. Lande og medlem av byggekomiteen Arve Myklebust var høgtidsstunda innleia. Ute skein sola, inne fylde varmen frå songen til ei takknemlig gruppe menneske den nye kyrkjesalen.

Mange hadde møtt frem då grunnsteinen skulle leggast ned. Sjølve grunnsteinsnedlegginga var ved Arve Myklebust medan representantar frå ung og vaksen i kyrkjelyden fylde skrinet med innhald. Fleire nytta høve til å sei nokre ord før dei la ned innhaldet i skrinet. Jon Peter Frøystad som er leiar i eldsterådet la ned Bibelen, Bjarne Goksør og Helge Storøy la ned Frikyrkja sine to salmebøker, Svenn Joar Frøystad la ned Frikyrkja si forfatning og reglement og Andriane Lande la ned eit årssett med mynter. Arve Myklebust frå byggekomiteen la ned teikningar over kyrkja, byggekontrakten, prospekt, fredagens utgåve av Vestlandsnytt, saman med ei utgåve av Vestlandsnytt der prosjektet var nærare presentert. Olav Ståle Voldsund som er diakon i kyrkjelyden mura til slutt skrinet igjen.


Det var ein fin og høgtidssam sermoni under grunnsteinsnedlegginga. Representantar for både ung og vaksen var med å fylle skrinet, før det vart støypt ned i grunnen. Frå venstre Jon Peter Frøystad, leiar i eldsterådet, Bjarne Goksør, nestor, Arve Myklebust, byggenemda, Erhard Hermansen, hovudpastor, Helge Storøy, dugnadsleiar, Svenn Joar Frøystad, Andriane og Martha Lande som representerer den yngre generasjonen, og Geir M. Lande, barne- og familiepastor.

Hovudpastor Erhard Hermansen heldt ei kort tale med utgangspunkt i Salme 127 ”Dersom Herren ikkje byggjer huset arbeider bygningsmennene til fånyttes. Dersom Herren ikkje vaktar byen, vaker vaktmannen forgjeves”. Han sa mellom anna -Bak dette bygget står ein arkitekt som har lagt ned mykje arbeid for å gje dette bygget eit spesielt uttrykk. Når dette kyrkjehuset vert bygd er det ved hjelp av solide materialar og gode handverkarar. Når dette kyrkjehuset vert bygd er det samstundes i tru til ein som er sterkare enn alle materialar og til ein handverkar og arkitekt ingen kan overgå. Gud skapte verda og held verda i si hand. Han er det som har gitt oss evna til å tenke kreativt og handle praktisk. Han har lova menneskene sitt nærvær kvar einaste dag, og eg veit at det er hald i Bibelens ord om at alle som strever skal få koma til Jesus å få hjelp.


Mange hadde møtt frem då grunnsteinen skulle nedleggast. Allsongen lydde vakkert i kyrkjerommet, og alle ser no med forventning fram til opningsgudsteneste når kyrkja står ferdig i midten av september.

Erhard Hermansen understreka Bibelens heilt sentrale plass i grunnsteinen og sa at på Bibelens ord, kor vi finn alle Guds løfter, bygger vi denne kyrkja. -Det er i Kristus vi finn ut kven vi er og kva vi lever for, avslutta Hermansen, og sa at for å finne meininga med livet må vi kjenne Jesus. -Difor bygger vi dette bygget fordi vi ønskjer at monge gjennom vårt arbeid skal verte kjend med Jesus og finne meininga med livet.

Etter at grunnsteinen var nedlagd var det mange som nytta høvet til å sjå seg rundt i bygget og Sindre Thorseth frå Prosjektbygg svara på spørsmål i tilknytning til utbygginga.