Kranselag under 170 tonn spennbetong

Av: Administrator
16/02-2011

Fredag var det kranselag i frikyrkja, som ei høveleg oppvarming til nedlegginga av grunnsteinen laurdag. (Av; Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


Hovudpastor Erhard Hermansen forsyner seg sjølv og Arna Sævik med marsipankake i den uferdige kyrkjesalen til nye Herøy Frikyrkje. Elles på bilde ser vi representantar for dei ulike komiteane som har vore i sving for Frikyrkja og fagfolka som jobbar jamt og trutt for å få bygget ferdig etter planen.

Det nye frikyrkjebygget skal etter planen vigslast søndag 11. september. Kranselaget fredag markerte ein viktig milepæl på vegen.

Kaffipause med «pep talk»
Tradisjonen samla representantar frå kyrkja og entreprenøren til ei stund med kake og kaffi. Før det nytta hovudpastor Erhard Hermansen til å servere ein liten «pep talk» til alle som har stått på og vil stå på framover for å få bygget ferdig etter planen.


Hovudpastor Erhard Hermansen nytta høve til å ønske alle velkomen til kranselag og takka for det gode samarbeidet.

Rekordlange betongspenn
Den nye kyrkjesalen er eit imponerande rom, sjølv i uferdig versjon. I taket finn ein dei lengste betongspenna som er levert til no frå Spenncon. Kvart spenn veg 17 tonn, og det betyr at taket har ei vekt på rundt 170 tonn. Ein solid og spennande konstruksjon, med andre ord.