Frå sjarkfiskar til sjømannsprest i jula

Av: Administrator
01/02-2011

21 år gamle Morten Storøy frå Herøy er eigentleg sjarkfiskar. Men i jula tok han like godt eit vikariat som sjømannsprest på ein rigg i Haltenbanken. (Tekst: Hege Norman, Vestlandsnytt)


Vikariatet som sjømannsprest på riggen "Draugen" gav Morten Storøy meirsmak. Her er frå ribbemarsjen 2. juledag.

Morten har vore fiskar i to år, og jobbar til vanleg om bord på sjarken "Signal" frå Kvalsvika. På sikt er planen hans å gå styrmannskulen.
Han likar seg godt på sjø, og då han hadde vore på land i over to månader i vinter, syntest han det var på tide å kome seg ut att. Dermed søkte han like godt på ei ledig stilling som vikarprest på plattform i julehøgtida.
- Dei søkte etter 35 vikarprester. Eg hadde ein kompis på facebook som hadde søkt, og ville ikkje vere noko dårlegare, smiler Morten Storøy.
Det varte ikkje lenge før han fekk jobb som sjømannsprest på riggen "Draugen" i Haltenbanken.


Riggen "Draugen" ligg i Haltenbanken.

Ei oppleving

Morten vart flydd ut på lisjejulafta og møtte dei 62 arbeidarane på riggen. Dei var i full sving med å pynte til jul, og tok godt i mot vikarpresten.
- Hadde du noko erfaring med prestegjerninga frå før?
- Nei, he-he. Eg gjekk berre på søndagsskule når eg var liten. Og så har eg ein svoger som er prest (Erhard Hermansen, red. anm.). Han hjelpte meg litt med samlinga eg skulle ha julafta, seier Morten. Han trur den viktigaste oppgåva for sjømannspresten på riggen i jula var å vere til stades.
- Oppgåva mi var stort sett å vere der som menneske. Det var nok mange som kanskje helst ville ha vore heime med familien sin i jula, då er det greitt at det kjem folk utanfrå som har tid til samtale, seier Morten, som var på riggen i fem dagar.


Her takkar Morten Storøy for seg etter fem dagar som sjømannsprest.

Ribbemarsj

På riggen vart det pynta juletre fleire plassar, det var underhaldning og ribbemarsj 2. juledag. Morten syntest opphaldet var heilt topp. Det var nok nokre som stussa i at ein såpass ung kar, og attpåtil fiskar, kunne ha funne på å vikariere som sjømannsprest. Men alle respekterte Morten, og sette pris på den unge vikaren. Morten sjølv syntest det var ei spennande utfordring og såg i tillegg sitt snitt til å sleppe unna det verste julerushet.
- Det er greitt å vere på sjø i jula. På land er det berre mas og kjas, slår han fast.
Han er innstilt på å søke på same stillinga neste år, men å skifte kurs og verte prest i staden for styrmann, dét er ikkje aktuelt.
- Det e fiskar ej e. Det er eit kjekt og spennande yrke som eg vil halde fram med. Men om nokon hadde tilbudt meg jobb på plattform, så hadde eg nok sagt ja, smiler den unge fiskaren og vikarsjømannspresten.


I sitt rette element: Morten Storøy trivst som sjarkfiskar og planlegg å gå styrmannskulen etterkvart.