Blå time

Av: Administrator
28/10-2010

På allehelgensdag søndag 7. november har ikkje Frikyrkja vanleg gudsteneste på føremiddag, men «Blå time» om kvelden på Fosnavåg bedehus. Mellom dei som syr saman programmet er Petter Ole Kopperstad, som fortel at ideen har vakse fram i møte med og mellom menneske.


Korleis er livsferda vår? Kva gjer ho med oss? Korleis tåler vi omskifte i livet, «livets årstider»? Er vi åleine, saman med andre, begge deler?

- Diakonrådet i Frikyrkja har siste to åra hatt mykje framme temaet omsorg, og vi ønskjer å lære oss sjølve og kvarandre å sjå folk som treng trøyst og oppmuntring. For å kome dit må vi lære om sorg - og lære omsorg! Difor ønskjer vi til denne kvelden å spesielt invitere alle som slit med stort eller lite, og strevar med stor eller mindre sorg, eller kjempar med tap av ulike slag. Det betyr vel at mange godt kan kjenne seg inviterte. Og vi vil gjerne prøve å plante håp for folk før vi går heim og ut i ny veke...


Sorg og tapskjensle kan ha mange årsaker, og i samfunnet vårt er vi ikkje alltid så flinke å gi plass til dette i liva og samtalane våre. Ikkje i ei vanleg veke, og kanskje ikkje i spesielle tider heller. Ikkje ein gong i kyrkje og bedehus har vi tid til det alltid. Men på Allehelgensdag kan det i alle fall vere naturleg. Og vi synest det er naturleg at kyrkja gir plass - og tid - til det. Samlinga er tenkt å vere roleg og ikkje så lang, og høver nok best for store vaksne, store barn og unge, og små vaksne… Temaet blir knytt saman med song og musikk som er tilpassa innhaldet, og innhaldet blir knytt saman på skjerm. Kanskje får du høyre nokon fortelje om sine tankar og opplevingar. Og kanskje dukkar det opp nokon som det er lenge sidan du har sett og fått prata skikkeleg med?

I denne kveldsgudstenesta blir det også nattverd som ei «opa avslutning», ved Pastor Erhard Hermansen. Du kan sitje så lenge eller kort du vil før du går…