Kirkens Nødhjelp inviterer til
KLIMASEMINAR PÅ RUNDE 24. OKTOBER

Av: Administrator
24/09-2010

Søndag 24. oktober arrangerer Kirkens Nødhjelp eitt av ti regionale klimaseminar på Runde miljøsenter. –Skogbrannane i Russland og flaumen i Pakistan har aktualisert trongen for ein rettferdig klimaavtale, seier Erhard Hermansen, pastor i Herøy Frikyrkje og medlem i arrangørgruppa.


Foto. Stein Lilleøy, Vestlandsnytt

Dei ti regionale klimaseminara som vert arrangert rundt om i Noreg i haust er ledd i oppfølginga til Kirkens Nødhjelp etter klimatoppmøtet i København i desember 2009, som mange meinte enda med fiasko.

-Vi kan ikkje gje opp kampen for ein rettferdig klimaavtale sjølv om vi ikkje fekk det resultatet vi ønskte i København. I løpet av året har vi sett ei rekkje døme på naturkatastrofer som synleggjer trongen for å få på plass ein avtale, seier Hermansen.

Ein rettferdig klimaavtale må sikre dei naudsynte utsleppskutta for å hindre farlege klimaendringar, og samstundes sikre finansiering av tilpassing til klimaendringar for fattige land.

Verdssamfunnet har ikkje løyvt det som trengst for at Pakistan skal kunne bygge opp att dei flaumramma områda. Samstundes veit vi at vi vil få fleire slike naturkatastrofer i framtida. -Difor er det så viktig å få på plass ein avtale som sikrar pengar til fattige land for at dei skal kunne tilpasse seg klimaendringane, seier Hermansen.


Nokre av arrangørane: Bak frå venstre: Beate Nes og Bjørn Losvik. Framme frå venstre: Lars Erling B. Hovlid, Ingrid Opedal og Eli Birkeland. Bente Hjertenæs og Erhard Hermansen er også med i gruppa.

Seminaret handlar om korleis ein kan påverke lokalt for å skape endringar globalt. Deltakarane får møte stortings- og lokalpolitikarar frå Møre og Romsdal, og utfordre dei på klima- og utviklingspolitikken deira. Til no har Svein Gjelset (AP), Elisabeth Røbekk Nørve (H) og Rigmor Andersen Eide (KRF) frå Mørebenken sagt at dei kjem. SP stiller med 1. vara Ragnhild Aarflot Kalland, og frå SV, som ikkje er representert på Mørebenken denne perioden, kjem Bjørn Jacobsen. Frå kyrkja kjem Ørnulf Steen, generalsekretær i Norges kristne råd, og ein gjest frå sør vert også med for å fortelje korleis norsk politikk er med på å ramme fattige menneske i andre deler av verda i dag.


Generalsekretær i Norges Kristne Råd, Ørnulf Steen blir med på klimaseminaret og taler på den økumeniske klimagudstenesten i Herøy Kyrkje.

Alle interesserte kan melde seg på seminaret, som også inkluderer nydeleg fiskesuppe servert av Runde miljøsenter. Som avslutning på dagen vert det økumenisk klimagudsteneste i Herøy kyrkje, seier Hermansen, som oppmodar alle om å melde seg på til Kirkens Nødhjelp før seminaret vert fullteikna.

Kontakt: Erhard Hermansen erhard@frikyrkja.net , 90061511

Påmelding: post@frikyrkja.net eller Bente.Hjertenaes@nca.no

Les mer om klimaseminaret på Runde Miljøsenter: Brosjyre-Regionalt_klimaseminar-Infofolder_More-20100629.pdf