Ta FRI
med Frikyrkja

Av: Administrator
24/09-2010

Sidan starten på august har Vegard Voldsund vore tilsett som ungdoms- og musikkarbeidar i Herøy Frikyrkje. Komande laurdag sparkar han i gang eit heilt nytt tilbod til ungdom frå 10. klasse og oppover i Frikyrkja sine mellombelse samlingslokale i Fosnavåg bedehus. (Tekst/Bilde: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


- Vi køyrer i gang eit opplegg som vi har kalla «FRI». Ein skulle kanskje tru at namnet er valt for å vise at dette er noko som foregår i frikyrkja, men det er det ikkje. «FRI» skal vere ein plass der folk kan kome og kjenne seg fri. Fri av nåde, seier Vegard Voldsund til Vestlandsnytt.
- Eg trur det er eit tilbod som vil treffe mange. Difor har vi heller ikkje sett noko øvre aldersgrense på kven som får kome, legg han til.

Fokus på musikk og lovsong
I utgangspunktet er «FRI» meint som eit tilbod annankvar laurdag, med oppstart allereie fyrstkomande helg.
- Vi startar med ei samling i bedehussalen - ei slags gudsteneste med hovudvekt på musikk og lovsong. Andakta vil vi vere fleire som deler på, og eg kjem til å ta nokre av dei sjølv. Til det musikalske har eg fått med meg tre gode musikkvener; Arve Voldsund på gitar, Ragnar Ørstavik på bass og Fred Mikal Knotten på trommer, seier Vegard Voldsund, som sjølv spelar piano og synth.

- Held på så lenge vi vil
Etter gudstenesta vert det open kafé i bedehuskjellaren, med varm mat frå ein gjeng ivrige kokkar på kjøkenet.
- Vi har heller ikkje sagt noko spesiell tid vi skal avslutte, så vi vil halde det gåande så lenge folk ønskjer å vere, seier Vegard Voldsund og ser fram til premieren for «FRI» fyrstkomande laurdag kveld.