Fyrste gudstenesta på Fosnavåg bedehus

Av: Trond Espeseth
17/08-2010

Den fyrste gudstenesta for Frikyrkja etter sommaren vart halde på Fosnavåg bedehus søndag føremiddag. Frikyrkja er i startfasa med å utvide det noverande kyrkjebygget, og har i mellomtida fått innkvartere seg på bedehuset i Fosnavåg.


Pastor Erhard Hermansen ynskjer vel møtt til gudsteneste. (Foto: Trond Espeseth)

Storesalen på Fosnavåg bedehus vart i sommar pussa opp og gjort i stand. Scena har blitt noko større, med trappetrinn langs heile breidda, og veggane er nymalte, og heile salen ser retteleg fin ut.

Vegard Voldsund innleia gudstenesta på piano og song songen "Kom til Jesus". Han er nyleg tilsett som ungdoms- og musikkarbeidar og ser fram mot eit spanande år for kyrkjelyden. Frikyrkjepastor Erhard Hermansen ynskte vel møtt til store og små, og tema for gudstenesta denne søndagen var "Å gjere opp". Etter nokre lovsongar og tekstlesing frå Salme 32.1-5, bøn og truvedkjenning, vart det sagt litt om kyrkjelyden si satsing det komande året. Mellom anna vil ein starte opp ungdomskveldar med tilhaldsstad på Fosnavåg bedehus.


Vegard Voldsund er ny ungdoms- og musikkarbeidar i kyrkjelyden. (Foto: Trond Espeseth)

I preika fortalde pastoren om det å vere snar med å tilgje. I ordboka vert ordet "tilgje" jamført med "la vere gløymd", "ikkje lenger rekne (ein) til last", "ikkje ta ille opp", "bere over med" og "orsake". Han understreka i preika korleis mangel på tilgjeving og forsoning held oss fanga, og korleis Gud vil at vi skal kome til han og få tilgjeving og verte fri. Vi fekk også sjå eit lite filmklipp frå filmen "The straight story". Ei hjartevarm og stillferdig skildring om ein eldre mann si reise på tvers av Amerika: I 1994 køyrde 73 år gamle Alvin Straight med sin motoriserte plentraktor frå Iowa til Wisconsin for å treffe sin bror Lisle var blitt alvorleg sjuk, og som han på grunn av krangel og staheit ikkje hadde sett på mange år. Han ville be om tilgjeving og forsonast med broren sin før det vart for seint. Og ettersom førarkortet var inndratt på grunn av dårleg syn, bestemte Alvin seg for å gjennomføre reisa på ein måte litt utan om det vanlege.

Heilt til slutt fekk kyrkjelyden endå ein gong oppleve Vegard som ein dyktig musikar, syngje den flotte songen "Till we meet again" ved pianoet.




Det har fortsatt vore litt småtekniske problem, men frå neste søndag skal teleslyngja vere på plass, og lydopptak av gudstenestene skal ein etter kvart også kunne få på cd ved å henvende seg til lydteknikar, eller kontoret. Sjå nettstaden frikyrkja.net for kontaktinformasjon. Der kan ein også få med seg ei ny videoandakt frå pastoren kvar veke.