Byggjer både hus og menigheit

Av: Administrator
17/08-2010

Herøy frikyrkje går ei spennande og utfordrande tid i møte når bygginga av nytt kyrkjebygg startar for alvor komande mandag. I byggjeperioden blir all kyrkjeleg aktivitet flytta opp til Fosnavåg bedehus, og hovudpastor Erhard Hermansen trur han kan love bort imot normal aktivitet i tida fram til den nye kyrkja står ferdig om rundt eit års tid frå no. (Av: Jann Flatval, Vestlandsnytt)


Kyrkja er snart tømd og mandag er byggjearbeida i full gang. F.v. pastor Erhard Hermansen, Gunnar Gundersen frå Bygg & System, Sindre Thorseth frå Prosjektbygg og Normann Frantsen frå Entreprisepartner. Hermansen synest det er trist at den gamle blodbøka måtte bort for å gi plass til kyrkjeutvidinga. Det minst 75 år gamle treet, som stod «midt i» den nye kyrkjesalen, vil han no prøve bruke delar av til innreiing i kyrkja. Døypefont, alter og preikestol er aktuelle bruksområde, fortel han.

- Det er ikkje berre eit hus vi skal byggje, men også ei menigheit, og vi legg opp til å halde normalt liv både i gudstenestene, barne- og ungdomsarbeidet og søndagsskuleaktiviteten medan vi ventar på den nye kyrkja, seier han.

Fyrste på søndag
Alt no på søndag har frikyrkja si fyrste gudsteneste i storsalen på Fosnavåg bedehus. Hermansen vil seie seg svært glad for velviljen dei har møtt, og ikkje minst måten dei har blitt mottekne av bedehuset med nyoppussa sal som frikyrkja har fylt opp med eigne møblar og utstyr. Dermed får dei gamle benkane gjere jobben sin eit års tid til før den nye kyrkjesalen kan opnast med heilt nytt inventar. - Dette blir utruleg spennande, seier Hermansen om jobben som Prosjektbygg no er klare til å gå igang med saman med dotterselskapa Bygg & System og Entreprisepartner.


Glade for å få bruke bedehuset i byggjeperioden. F.v. ungdoms- og musikkarbeidar Vegard Voldsund, hovedpastor Erhard Hermansen og barne- og familiepastor Geir M. Lande.

Skal rive det han bygde
Ein litt spesiell jobb må ein også kunne seie det blir for Normann Frantsen i Entreprisepartner som skal stå for betongarbeidet med nyekyrkja. For han var nemleg bygginga av den gamle kyrkja starten på det som skulle bli ei lang karriere som bygningsarbeidar. Normann var ikkje meir enn så vidt konfirmert då faren fekk oppdraget med kyrkja - og han sjølv fekk begynne å tene sine fyrste kroner. No skal han fyrst gå i gang med å rive delar av det dei bygde på 60-talet. Sindre Thorseth i Prosjektbygg fortel at dei satsar på å få gjort det dei skal med gamlebygget før dei går igang med den nye kyrkjesalen. Byggjetida er rekna til knapt eit år, og med ein pris på rundt 20 millionar kroner er det ein bra stor jobb Prosjektbygg no går igang med midt i Fosnavåg sentrum. - Til ferien neste år skal vår del av jobben vere gjort, seier Thorseth, som gler seg til å sjå det nye kyrkjebygget ferdig. At det blir ein pryd for Fosnavåg sentrum er han ikkje i tvil om.

Stort økonomisk lyft
På toppen av byggjekostnadene skal frikyrkja finansiere inventar og utstyr, og til saman representerer den nye kyrkja eit stort økonomisk lyft for ei lita menigheit. - Økonomisk blir dette veldig stort for oss, seier Hermansen, og viser til at for private kyrkjebygg er det veldig begrensa tilgang på offentlege midlar. Prosjektet har difor vore avhengig av ein betydeleg eigenkapital, og Hermansen er både glad og imponert over at dei har greidd å kome i mål med det økonomiske. - Vi håper å ha sommaren på oss til å få klargjort kyrkjebygget til bruk slik at vi rett etter ferien kan ha den fyrste samlinga i nytt hus. Det blir ein stor dag for Herøy frikyrkje, seier hovudpastor Hermansen.

Byggjer menigheit
Parallelt med ei kjempestor satsing på kyrkjebyggg satsar frikyrkja også på menigheitsbygging, ikkje minst innafor barn og ungdom. I den samanheng er Vegard Voldsund tilsett i halv stilling med ansvar for ungdom og musikk, medan pastor Geir M. Lande går ned i halv stilling og skal konsentrere seg om barn og familie. Mellom anna blir det satsa på å få ungdomskveldane på beina igjen som eit fast opplegg. - Bedehuset vil eigne seg godt også til denne satsinga, men vi ser verkeleg fram til å få ta i bruk den nye kyrkjesalen med konsertfasilitetar både når det gjeld lyd, lys og bilde, seier Hermansen.

Sjå Vestlandsnytt 13.8.2010