Sommarkonsert

Av: Administrator
29/05-2010

I Frikyrkja finn du store og små sangglade og musikalske menneske. Desse har gått saman om ein sommarkonsert førstkomande fredag. Vi har mange som skal synge, både solistar og duettar som for eksempel Catrina Sofie H. Leine, Amanda Leine og Inga Kvalsund, Tomine Sævik og Kristina Goksøyr, Synnøve og Vegard Voldsund, Edel og Kristina Goksøyr, Una Myren, Hanna Nærø og Lilly Voldsund med fleire. Nokre jenter skal danse ein gla' dans. Vi har nokre gutar i eit band, det blir innslag med ei gospelgruppe og mykje meir. Konserten vert avslutta med kaffi og kaker. Velkomen på sommarkonsert i Frikyrkja.


Vegard og Synnøve Voldsund er blant dei som deltek på sommarkonserten i Herøy Frikyrkje.