Ny Herøy Frikyrkje før 2012

Av: Administrator
08/05-2010

Etter 7 års ventetid er ein snart i gang med utbygginga av Herøy Frikyrkje si kyrkje i Fosnavåg. Når ein når målet om byggjestart i sommar, kan bygget stå klart til bruk allereie hausten 2011 - i god tid før kyrkjelyden feirar sitt 100-årsjubileum i 2012. (Av: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


Hovedpastor Erhard Hermansen, Åse Myklebust i økonomikomiteen, Kjetil Myren i byggekomiteen og barnearbeidar Thea F. Kopperstad med Vetle Bror Hermansen på armen ser fram til å flytte inn i ei utbygd Herøy Frikyrkje før 2012. Vert det byggjestart i sommar, kan bygget stå klart hausten 2011.

Sjå kva Sunnmørsposten skriv; http://www.smp.no/nyheter/article214890.ece

Sidan prosessen starta i 2000 har skisser vorte teikna, lagt fram og lagt på is. Men i 2008 losna det då arkitekt Georg Grimstad i Bucci Arkitektur vart hyra inn for å «skape» kyrkjebygget i ein litt mindre målestokk enn ein fyrst hadde tenkt. På kyrkjelydsmøtet i slutten av april vart planane samrøystes godkjende, og no står det kun mindre formalitetar att før byggjearbeida kan starte.

Det meste på plass
Parallellt med planarbeidet har det vorte jobba iherdig for å finne gode løysingar på finansieringssida. Sidan prosessen starta har kyrkjelyden bygd seg opp ein solid eigenkapital, som vil hjelpe dei langt på veg mot finansieringa av kyrkjebygget. Eit prosjekt med ei kostnadsrame på rundt 20 millionar.

Frikyrkja har søkt og fått rameløyve frå kommunen. No pågår det samtalar med entreprenøren Prosjektbygg As om den endelege prisen.

Doblar arealet
Det Herøy Frikyrkje ønskjer å byggje er eit kyrkjebygg på totalt 1182 kvadratmeter. Meir enn det doble av dagens kyrkje med ei totalflate på 518 kvadratmeter.

Utbygginga gir frikyrkja ein ny og praktisk kyrkjesal med sitjeplass til 300, eit andvendeleg kyrkjetorg, matsal, kjøken og romslege lokale til det varierte barne- og ungdomsarbeidet som frikyrkja driv. I dag omfattar det mellom anna barnekor med 60-80 medlemer, og eit gospelkor på 30 songarar.

- Drøymer om mange ting
Sist men ikkje minst vil etableringa av ein ekstra etasje i det eksisterande kyrkjebygget gi plass til frikyrkjekontoret, som i dag leiger lokale ein annan stad i Fosnavåg. Viktige element i kyrkjelyden sin visjon om ei opa kyrkje og ei vidareutvikling av det gode arbeidet som blir lagt ned i dag, meiner pastor Erhard Hermansen.
- Eg drøymer om mange ting i høve det nye kyrkjebygget, og kan trygt seie at vi har stor tru på at utbygginga vil føre med seg mykje godt, seier han.


Pastor Erhard Hermansen har mange visjonar for den nye kyrkja.

Problemløysing
Herøy Frikyrkje er ei levande menigheit med høgt aktivitetsnivå, også utanom dei faste gudstenestene. I dag er plassmangel det største problemet, noko ein mellom anna har opplevd i høve konfirmasjonsgudstenestene og ei rekkje andre samlingar.

Utbygginga vil løyse både det og ei rekkje andre praktiske problem ein møter i kvardagen i det eksisterande kyrkjebygget. Ikkje minst i høve tilrettelegging for funksjonshemma, oppyser Kjetil Myren i byggjekomitéen

- Alle ynskjer å bidra
20 millionar kroner eller meir er mykje pengar for ein kyrkjelyd som tel 160 aktive medlemer.
- Det er ikkje ei veldig stor gruppe som skal bere dette prosjektet. Men då den noverande kyrkja vart bygd, var dei ikkje fleire enn halva. Vi har ein god eigenkapital i botnen, og så er det ein del midlar som må samlast inn. Men det verkar som om medlemmene er engasjerte og ynskjer å bidra, seier Hermansen.

Klart i 2011
Kyrkjebygget kjem, og går det slik dei håper i frikyrkja kan byggjestarten kome allereie i sommar. Det vil i så fall bety at bygget kan stå klart hausten 2011, i god tid før Herøy Frikyrkje feirar sitt 100-årsjubileum i 2012.