Bruktbutikken heiter «Minneriet»

Av: Administrator
06/05-2010

Med fiskesuppe, moteshow og song av Herøy Gospelkor heldt styret for bruktbutikken tidligere i vår fest for medarbeidarar og andre inviterte.


Herøy Frikyrkje starta i november bruktbutikken i Fosnavåg og styreleiar Linn Therese Sævik ønskte velkomen til fest og fortalde litt om bruktbutikken si utvikling. Linn Therese Sævik kunne også fortelle at namnet på brukbutikken er «Minneriet».

Av underhaldning denne kvelden var det både moteshow med klede frå bruktbutikken og song av Herøy Gospelkor som sist haust kom med CD «Mighty King».

Else Storøy avslutta kvelden med nokre kveldstanker omkring temaet "Bøn"

Du kan kontakte styret for "Minneriet" på epost: bruktbutikken@frikyrkja.net









Else Storøy avslutta kvelden med nokre kveldstanker omkring temaet "Bøn"