Tverrkyrkjeleg lovsongskveld i Ulsteinvik

Av: Administrator
03/05-2010

Trond Espeseth som sit i komiteen for "Tverrkyrkjeleg lovsongskveld" ønsker velkomen til nok ein lovsongskveld på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik. Komiteen har blinka ut Kristi Himmelfartsdag som ei av to årlege dagar for tverrkyrkjeleg lovsongskveld. Det er tredje gongen komiteen inviterer til lovsongskveld i Ulsteinvik. Tidlegare i år arrangerte dei også lovsongskveld/konsert i Indre Herøy Kyrkje saman med Roland Utbult.


Kristi Himmelfartsdag tek følgende del: Husorkester under leiing av Geir Idar Knotten, eige tverrkyrkjeleg lovsongsteam, Ragnhild og Jan Huse samt team frå Ungdom i oppdrag i Ålesund. Det vert ord for kvelden ved Karl Johan Skårbrevik og vitnemål ved Johnny Kragset. Plateaktuelle "The Soul Sound Buddies" tek del og det samme gjer Iver-Olaf Grimstad.

Sjå vedlagt plakat tverrkyrkeleg_lovsongskveld-20100513.pdf eller www.lovsong.com for meir info!