Shavoutfest i Ulsteinvik pinsehelga!

Av: Administrator
23/04-2010

I pinsa 21.-23. mai vert det arrangert stor pinsefest i storstua Sjøborg, i Ulsteinvik. Ein tverrkyrkjeleg komité har teke initiativet til ein pinsefest med inspirasjon frå den bibelske pinsefest; Shavout og med vekt på å lære meir om våre røter og den tradisjon/kultur Jesus baserte si lære på. Gjennom forkynning, song, lovsongsdans, israelsk folklore, bøn og sabbatsmåltid, vil Ordet og bibelens land verte levandegjort for oss.


Johannes Kleppe, dagleg leiar for return2sender, ungdomsrørsla til Den Norske Israelsmisjon (DNI).

Hovudtalarar er Arvid Bentsen, reisesekretær for Internasjonale Kristne Ambassade i Jerusalem (IKAJ) og Johannes Kleppe, dagleg leiar for return2sender, ungdomsrørsla til Den Norske Israelsmisjon (DNI). Kleppe er født og oppvoksen i Israel som misjonærbarn, snakkar flytande hebraisk og har ein unik bakgrunn og kunnskap til å gjere Israel og evangeliet levande for oss. Han er ein dyktig teolog og forkynner og ein stor inspirator for det grensesprengande ungdomsarbeidet han leiar i return2sender. Bentsen har jobba som reisesekretær i mange år og er svært godt kjent som forkynnar i heile Noreg. Han har vore i Israel over 50 gongar, budd der i periodar og formidlar sin kunnskap med stort engasjement. Det er første gongen DNI og IKAJ står saman i eit slik storstemne og i tillegg til Kleppe og Bentsen kjem både IKAJ og DNI sine ungdomsteam med band; Grafted & R2S.
Gjennom ulike tema vil dei m.a. gje oss innsikt i bibelens ord, i lys av jødanes skikkar og tradisjonar, som Jesus var ein del av. Dette har vi lett for å gløyme her i Vesten, når vi skal prøve å forstå bibeltekstane og spesielt Det Nye Testamentet. DNI og IKAJ vil også dele frå arbeidet dei har i Israel og i Noreg. I tillegg vil det også vere lokale aktørar som tek del.

Weekenden vil starte på fredagen med stort Sabbatsmåltid tilrettelagt av Quality Hotel Ulstein og vidare festkveld i Sjøborgsalen med plass til nærare 500 personar. Og held fram på laurdag med både undervisningsseminar, Pinsefest for små og store og Ungdomsmøte. Helga vert avslutta på søndagen med festkveld.

Borna vil bli tatt godt hand om gjennom heile helga. På laurdagen vil det m.a. bli vist kino med ein bibelfilm for dei minste. Denne vil også vere open for anna publikum på vanleg kinovis.
Vidare kan det nemnast at der vil bli eigen utstilling og salgsbod med CD, DVD, smykkar, måleri, dødehavsprodukter, bøker, m.m. i tilknyting til dei tilreisande aktørane.

Vedlagt finn du informasjonsfolder med påmeldingsinformasjon. Her vil ein finne detaljert program, og tilbod til tilreisande om overnatting ved hotellet, måltid m.m. Det vil vere ein fordel å vere tidleg ute med påmelding, mellom anna til Sabbatsmåltidet, her vert det naturleg nok eit avgrensa tal med plassar. Ein er sjølvsagt også velkomen til å delta på enkeltmøtar, og arrangementet er opent for alle. Arrangøren anbefalar på det varmaste å sette av pinsehelga til å bli med på ein inspirerande, oppbyggande og utfordrande Pinsefest for alle aldrar!
Ein kan også lese meir om arrangementet på www.sjoborg.no

Du kan laste ned påmeldingsfolderen her: Pameldingsfolder-Israelsweekend_Shavout_2010.pdf