Strålande sol og strålande born på "Betre saman" dag i Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
23/03-2010

Søndag hadde Frikyrkja besøk av gruppa 4U, 3 jenter og 1 gut, som reiser landet rundt med eit konsert-gudsteneste opplegg. Det er Willow Creek Norge som har satt saman gruppa og som har laga til opplegget for samlingane.


Over 40 barn frå Herøy og Ulstein lærte song og dans i Herøy Frikyrkje.

Over 40 born frå Herøy og nokre frå Ulsteinvik møtte opp for å lære songar med dansetrinn til, og samstundes fekk foreldra høyre om "tro på heimebane" i kjellaren. Det handla om kva vi ønskjer å formidle til borna våre i heim og kyrkjelyd, og korleis vi kan gjere det. Ute strålte sola og gjorde sitt til at det blei ein varm og god dag i Frikyrkja. Etter øving og forfriskningar var det familieshow: "Betre saman" som har som mål å inspirera born og vaksne til å sjå at det viktigaste i livet gjer vi best saman!


Gruppa 4U reiser landet rundt med konsertgudstenesteopplegget. Sønsdag besøkte Mathea, Ingrid, Kristan og Keziah Herøy Frikyrkje

Dei nestan 200 frammøtte fekk høyre frisk song, ei kreativ andakt frå laboratoriet og alle fekk med seg ein oppgåve heim: å finne på små jobbar ein kan gjere for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelps aksjon komande veke. "Vi er velsigna med alt vi har, lat oss gje gladeleg tilbake" var bodskapen, og gjennom Kirkens Nødhjelp får monge hjelp i vanskelege situasjonar.


Helge Fykse er ansatt i Willow Creek Norge og heldt kafeseminar om "Tru på heimebane"

Vi har monge gode barnekor i Herøy og dei fleste var representert i koret på Betre Saman-dagen. Dei lærer fort og det var ei sann glede å sjå dei, frå 5 års alder opp til 12, synge saman med dei røynde songarane i 4U. Dette er andre gongen vi har eit slik opplegg i Herøy og til sommaren kjem jentegruppa Seven tilbake under Maritime Sommardagar.


Nærare 200 fekk med seg "Betre saman show" i Herøy Frikyrkje

Det er kjekt å gje dei lokale kora moglegheit til å bli inspirert og læra nye songar, og både 4U og Seven er flotte representantar for kristen song for born og unge i dag. Og når Herøy viser seg frå si flottaste side som på søndag er det ikkje vanskeleg å få dei til å kome
på besøk igjen!


Barne- og ungdomspastor fortalde historia om "Den fattige enkja som gav", ei fortelling som vart dramatisert av barn frå Frikyrkja. Han introduserte også "heimeoppgåva"; å finne på små jobbar ein kan gjere for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelps fastaksjon.