Barnegospel-treff i vekst

Av: Administrator
12/03-2010

Under fjorårets maritime sommarfestival i Fosnavåg hadde Herøy Frikyrkje og Herøy kyrkje suksess med sitt store barnegospeltreff og familiegudsteneste på Allmenningen. No legg dei lista enda høgare for ei gjentaking av suksessen under årets festival. (Av: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


Kateket Beate Nes frå Herøy Kyrkje og pastor Erhard Hermansen og barnearbeidar Siv Anne Sævik i Frikyrkja lovar eit større og betre barnegospeltreff under årets maritime sommarfestival.

- Vi legg arrangementet over same lesten som i fjor, men satsar på å toppe det skikkeleg. Større og betre med andre ord, seier frikyrkjepastor Erhard Hermansen.
I år har kyrkja og frikyrkja fått med Sion Gurskøy i samarbeidet, og dei har lova å stille med stort band til familiegudstenesta på Allmenningen søndag. Der vil kateket Beate Næs og pastor Erhard Hermansen dele på oppgåva med å leie gudstenesta - og sjølvsagt vert barna frå gospeltreffet med for å vise seg fram.

Nytt møte med Seven
Då arrangørane skulle bestemme kva slags artistar dei skulle dreie gospeltreffet rundt denne gongen, hadde dei fleire alternativ, fortel Hermansen.
- Men vi landa på å få tilbake Seven-jentene som var her i fjor. Dei er akkurat ute med ny CD. Jentene har med seg to instruktørar til Fosnavåg, som gir dyktig rettleiing til deltakarane. Håpet vårt er både å gi eit godt tilbod til det etablerte barnekormiljøet i distriktet og til barn som ikkje er med på song til vanleg. Her er det ope for alle, seier han.


Seven jentene er ute med ny CD og deltok nyleg i TV2's "God morgen Norge". Under Maritim Sommarfestival kjem dei tilbake til Herøy for å vere med under barnegospeltreff og storfamiliegudsteneste.

Løftar fram dei lokale barna
Kateket Beate Næs seier ein denne gongen vil prioritere å løfte fram dei lokale barna under gudstenesta søndag, og la dei få rolla som forsongarar.
- I fjor var det Seven-jentene som dominerte, og det ynskjer vi å endre litt på i år, seier ho.

Håper på fleire enn 100
Arrangørane er klare med nye, fargerike t-skjorter som deltakarane på barnegospeltreffet får med seg.
- Håpet er at vi denne gongen får med oss fleire enn 100, seier pastor Erhard Hermansen.