Frikyrkja satsar familievenleg

Av: Administrator
08/03-2010

Herøy Frikyrkje prioriterer å legge til rette med gode opplevingar for heile familien. Søndag 21. mars inviterer dei barna til sang, dans og dramakurs og dei vaksne til kaffiseminar før alle samlast til ei annleis familiegudsteneste. (Av: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


- Dei siste to åra har vi satsa på å skape aktivitetar som heile familien kan delta i. Vanlegvis køyrer vi barna våre til ulike aktivitetar, men det er viktig å gjere ting saman som ein familie også, seier barne- og ungdomspastor Geir. M. Lande til Vestlandsnytt.

Auka oppslutnad
Herøy Frikyrkje registrerer ein klar auke i oppslutnaden kring gudstenestene, både frå barn og vaksne.
- Difor satsar vi ekstra gjennom dette semesteret med ei lita stilling øyremerka familiegudstenester, seier Lande.

Storsamling for heile familien
Søndag 21. mars byd Herøy Frikyrkje inn til ei ny storsamling for heile familien, med gruppa 4U.
- Gruppa køyrer etter omlag same modellen som Seven-jentene vi hadde på besøk under gospeltreffet i fjor sommar. Fleire av jentene i 4U er også med i Seven. Søndagen i frikyrkja vert lagt opp med sang, dans og dramakurs for barna og kaffi seminar med eit aktuelt tema for foreldra. Mot slutten av dagen samlast vi for å hyggje oss med eit show som barna har øvd inn saman med gjengen i 4U. Ein kan kalle det ei slags moderne familiegudsteneste. Eit arrangement heilt i tråd med familiesatsinga vår, forklarar Geir M. Lande.

Opa samling til slutt
Til kurs og seminar er det påmelding, men samlinga til slutt er open for alle. Dei som er interesserte i å vere med heile dagen, kan melde seg på ved å kontakte Frikyrkjekontoret.
- Om ikkje heile familien kjem, så ber vi om at minst ein av foreldra er med barna, seier barne- og ungdomspastor Geir M. Lande i Herøy Frikyrkje.