Folksam fellesgudsteneste

Av: Administrator
04/02-2010

Søndag deltok Alain Montano på ei stor fellesgudsteneste i Herøy Frikyrkje. (Tekst: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


Hovedpastor Erhard Hermansen, Generalsekretær Alain Montano og Bibelmisjonsleiar Bernt G. Olsen under fellesgudstenesta i Herøy Frikyrkje søndag.

I gudstenesta elles deltok Josette Simbi (frå Burundi), Maria Theresa Baldor (frå Cuba) og Arvid Larsen (Sion Gurskøy) med tekstlesning.
- Josette las på fransk, Maria Teresa på Spansk og Arvid på norsk, fortel pastor Erhard Hermansen.


Møte mellom Maria Teresa Baldor (frå Cuba busett i Herøy) og Alain Montano under kyrkjekaffien.

Klokkar Ingrid Warholm leiakyrkjebøna, medan Erhard Hermansen leia gudstenesta. Bernt G. Olsen hadde informasjon om Bibelselskapet og arbeidet på Cuba og Alain Montano talte.
- Det vart ei flott gudsteneste i ei nesten fullsett kyrkje, seier Hermansen.


Roy Muren og Geir Idar Knotten bidrog med nydeleg song og musikk.