VI BER FOR NOREG!

Av: Administrator
12/01-2010

Fleire tusen menneske, både i og utanfor Noreg, ber for landet vårt i desse dagar. Dei ber om at Noreg framleis skal få vere ein kristen nasjon, med Bibelen som ei viktig rettesnor for "det gode liv" i heim, skule og samfunn. Utan medvit om dette og forbøn, går det fort den gale vegen med landet vårt.


Kristne frå ulike organisasjonar og fellesskap, har teke initiativet til ein nasjonal bøne- og fasteaksjon for frå 4.-31.januar.Sjå bonnogfaste.no. Vi blir oppmoda til å be åleine og ilag med andre. Vi ber om oppvakning for eigen del og for landet vårt. Det nyttar å be! I kvart fylke er det no svært mange som kjem saman og alt er godt igang med å be nettopp for Noreg.

I Herøy er det Frikyrkja som no tek initiativ til å samle kristne frå ulike kyrkjelydar og fellesskap. Vi kjem litt seint i gong, men betre seint enn aldri! Kvar torsdag i januar er alle hjarteleg velkomne til Frikyrkja for ei bønesamling.Det vil inspirere! Du treng ikkje vere av den frimodige sorten for å bli med på ei slik samling. Om du ikkje ber høgt, er det likevel flott om du kjem! Så går du kanskje på førehand inn på nettet, og les litt om bøneaksjonen? Der finn du eit forbønstema for deg sjølv og landet vårt for kvar dag denne mnd.

"Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for. Eller kven av dykk gjev son sin ein stein når han bed om brød, eller ein orm når han bed om fisk? Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!" (Matt.7.7-11)