God "gammaldags" julefest i Frikyrkja

Av: Administrator
12/01-2010

Tradisjonen tru har det også denne jula vorte arrangert ei rekkje julefestar rundt om i dei forskjellige bygdelaga. Ein fin tradisjon som mange set storleg pris på, der ein blir mint om den gode julebodskapen, samtidig som det også er med på å knyte bygdefolket nærare saman. (Av: Fred Frantzen, Vestlandsnytt)


«Helsekoret» «Cervix Vokales», under sin diringent Sølvi Nerem Berg, gledde festlyden med mange flotte framføringar.

Lokalavisa stakk innom romjulsfesten i Herøy frikyrkje som også denne gongen samla mykje folk. Arrangørane hadde tromma saman med eit fyldig og godt program med mykje vakker song og musikk, i tillegg til mange gode verbale innslag.


Herøy Mannskor er i fred med å vakne opp av dvalen og framførte fem vakre julesongar firestemt, under sin nye dirgent Robert Skeide. Han nytta høve til å appellere om at koret gjerne vil ha med fleire medlemmer i rekkjene.

Ikkje mindre enn to kor var representert. Først hadde «helse-koret» Cervix Vokales, under sin dirigent Sølvi Nerem Berg og akkompagnert av Peder Nerem på piano, ei fin avdeling med vakre julesongar. Men for å få den rette kjønnsmessige balansen, hadde også arrangørane fått med Herøy Mannskor. Under sin nye dirigent, Robert Skeide, framførte koret fem julesongar firestemt. Etter plateutgjevinga til jul i fjor, har mannskoret lagt i dvale, men er no tydeleg på veg mot gamle høgder. Elles imponerte Linn Eli Kopperstad med vakre fiolin-tonar, akkompagnert på gitar og piano av broren Jørgen. Ein annan duett som gjorde stor lukke var Jørgen Waage og Ragnar Ørstavik. Songsolist Jørgen vart vakkert akkompagnert på akustisk gitar av Ragnar Ørstavik, som også song andrestemme på ein del av songane.


Linn Eli Kopperstad gledde festlyden med nydelege fiolinspel, akkompagnert på gitar og piano av broder Jørgen.

Dei verbale innslaga var det to sævikingar som stod for. Torill Myren heldt ein tankevekkjande og fin festtale med tittelen «Vi og dei», medan Olav Sævik fortalde om julefeiringa i gamle dager, med både snert og humor. Pastor Erhard Hermansen, batt det heile saman på ein fin måte, og avslutta den flotte festen med ein fin apell.


Torill Myren heldt kveldens festtale med tittelen «Vi og dei». Eit tankevekkjande og flott innslag.

Og etter den fyldige og gode programdelen var over, vart det sjølvsagt utlevert spanande «juleposar» til borna, og festen vart tradisjonen tru avslutta med gang kring juletreet, der dei kjære og kjende julesongane let vakkert i kykjeromet. Ein triveleg og rik julefest, som alle sette storleg pris på. Akkurat slik ein skikkeleg julefest skal vere!