Må vise at vi bryr oss om miljøet

Av: Administrator
20/12-2009

Skal vi berge klimaet og vår felles framtid her på jorda er det viktig å vise at vi bryr seg. Likgyldigheit er det farlegaste, meiner pastor Erhard Hermansen etter å ha vitja klimatoppmøtet i København. (Tekst: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt / Foto: Rune Singelstad)


(Foto: Rune Singelstad)

- Vi kan ikkje stille oss likgyldige til det som skjer med klimaet og kloden vår. Som Gud sine skapningar pliktar vi å ta vare på skaparverket, seier han til Vestlandsnytt.

Inspirerande
Hermansen visste lite om kva han kunne vente seg då han som ein av 1.200 deltakarar på Kirkens Nødhjelp og Fremtiden i Våre Hender sin klimaseglas til København. Det han opplevde var eit brennande internasjonalt engasjement og tusenvis av menneske med eit felles håp om at verda greier å samle seg kring ein avtale som kan trygge framtida vår her på jorda.
Noko av det mest inspirerande for frikyrkjepastoren var møtet med biskop Desmond Tutu.
- Det er lett å kjenne på fordømminga over at vi ikkje greier å gjere noko. Men då få å høyre Desmond Tutu formidle alvoret på sin spesielle måte, var utruleg inspirerande, seier han.


(Foto: Rune Singelstad)

Ber på håpet
Håpet ber han med seg, men Erhard Hermansen er usikker på kva som vil kome ut av klimatoppmøtet.
- Om ein skal tolke signala som politikarane på turen kom med, er det vel ein viss grunn til skepsis kring utkomet av møtet. Diverre...


(Foto: Rune Singelstad)

- Må vise at vi bryr oss
Norge er eit lite land, og for den einskilde kan det verke som lite ein kan gjere for å endre framtida. Men Erhard Hermansen trur det er nettopp det som må til, individuelt engasjement.
- Det er viktig å vise at vi bryr oss og at vi snakkar om miljøet og klimaet. Slik kan vi gi politikarane våre ryggdekninga dei treng for å gjere det som må gjerast. Viss alle tenkjer likt, så kan vi lukkast.


(Foto: Rune Singelstad)