Kåre Kvalsvik fekk kulturprisen

Av: Administrator
03/12-2009

Kåre Kvalsvik er vinnar av Herøy kommune sin kulturpris for 2009. Prisen vart overrekt «heime» ho hans «eigne» under ei triveleg adventsstund i Kvalsvik bedehus søndag ettermiddag. (Av: Fred Frantzen, Vestlandsnytt)


(Foto: Fred Frantzen)

Ei betre ramme kring utdelinga kunne knapt prisvinnaren ynskje seg. Ein fullsett bedehussal var tydeleg glade, stolte og takksame for at bygda sin eigen kulturpersonlegdom fekk tildelt denne ærerike prisen. Og ein audmjuk prisvinnar var snar å dele heideren med heimbygda. - Det er her eg har levd og virka. Det er her eg har fått inspirasjon, sa ein rørt prisvinnar mellom anna.

Det var fjorårets vinnar, Peder Nerem, som tradisjonen tru fekk æra av å dele ut prisen til Kåre Kvalsvik. - Ein velfortent pris til ein verdig vinnar, var kommentaren frå fjorårsvinnaren.

Det var ordførar Arnulf Goksøyr som las opp grunngjevinga for at årets vinnar var valt.

- Juryen har i år bestemt å gje kulturprisen til ein av dei store kulturpersonlegdomane i Herøy kommune. Nokre får prisen for kortvarig, intens og godt synleg innsats. Andre får prisen for livslangt kulturarbeid i kommunen. Desse er kanskje ikkje så «synlege», men arbeidet deira har likevel stor verdi. Personen som vi ynskjer å gi prisen til, er mellom desse som får prisen for livslangt kulturarbeid innan sitt område. Personen kom raskt med i radioarbeid då Herøy fekk lokalradio. Han meistra godt det «nye» mediet, og no kom den rolege og tydelege røysta hans heilt inn i stovene til folk. Kåseria hans hadde naturlegvis høg kvalitet, og framleis kan vi stundom høyre godbitar frå arkivet. Personen har gjort ein formidabel, livslang, friviljug innsats for kulturlivet i Herøy. For nokre år sidan fekk han Kongens fortenestemedalje for sitt arbeid innan kyrkje- og kristenliv i Herøy kommune. I om lag 30 år var han såkalla «eldste» i Frikyrkja, d. v. s. at han var med i leiarskapen for kyrkjelyden. Han var dessutan aktiv i søndagsskulearbeidet i Kvalsvika i ein tilsvarande bolk.

Personen er svært interessert i lokalhistorie, og han har vore ein trufast bidragsytar til Herøy sogelag sitt årlege tidsskrift. Han skriv og skildrar svært godt. Vi har fått innsikt i kyrkje-, fiskeri- og landbrukshistorie. Han har skilda einskildmenneske og folkelivet generelt både i si eiga heimbygd og i andre bygdelag. Han har gjort den gamle kystkulturen kjend for yngre generasjonar, sa Goksøyr i sin helsingstale. Og etter denne innleiinga, var nok alle i salen klar over at årets kulturpris gjekk til Kåre Kvalsvik.


(Foto: Fred Frantzen)

Kåre Kvalsvik vart fødd 25. september 1926 og vaks opp i Kvalsvika. Han gjekk gartnarskule og starta Øyflora planteskule i heimbygda si på 1950-talet. Dette var nybrottsarbeid av høg klasse. Mange var skeptiske til slik drift i eit verhardt og tøft kystklima, men alle dystre spådomar vart gjort til skamme. Planteskulen er framleis i drift, og Kåre Kvalsvik har lagt grunnlaget for svært mange fine hagar i Herøy og distriktet elles.

- I alle år har Kåre Kvalsvik hatt sansen for kulturformidling gjennom lokalpressa. Vestlandsnytt sin redaksjon er sikkert takksam for alle dei velskrivne og innhaldsrike artiklane med signaturen Kåre Kvalsvik eller berre K. K. Han har også delt sine tankar om dagsaktuelle samfunnsspørsmål, og mange har sett pris på reiseskildringane hans. Ein vanleg biltur gjennom norsk natur vart for lesaren ein minnerik historietime, sa Goksøyr vidare. Kåre Kvalsvik har runda 83 år. Kong Harald verdsette kulturarbeidet hans høgt og gav han medalje for fleire år sidan. Juryen har ikkje skissert ei komplett merittliste her, men vi meiner no at tida er fullmogen for ein kulturpris til Kåre K. Kvalsvik, sa ordførar Goksøyr til slutt. Og til ståande applaus vart den beskjedne kulturprisvinnaren kalla fram på podiet der han fekk overrekt prisen av fjorårsvinnar Peder Nerem. Prisen er eit diplom laga av kunstnaren Svein Olav Hatlen og eit pengebeløp på kr. 10.000,- som er gitt av Herøy kommune og Sparebanken Møre.

Ein tydeleg takksam og rørt Kåre Kvalsvik nytta høve til takke.
- Eg har stått her ein gong før og visste ingen ting. No kom det ei aning og undring fredag. Det er godt å sleppe ei Oslo-reise no, sa Kåre og heldt fram:
- I alle høve før: Når småborna kom seg over krypestadiet og kunne reise seg på føter vart det gjerne sagt; Strekk opp hendene så vi ser kor stor du er vorten. Dette er ikkje noko å bli hovmodig av - berre takksam til dei som har bore meg fram. Eg har hatt glede av å skrive, elles hadde eg ikkje gjort det. Eg har prøvd å forvalte ein arv og ei gåve frå morsslekta: Min tippoldefar frå Åmelfot i Dalsfjorden skreiv søknad på vers i sin blå ungdom til prosten i Volda. På det verset fekk han skulehaldarposten. Han vart kalla Skule-Ola. Min morfars bror, Martin Ulvestad, førde gåva vidare som sogeskrivar om dei norske utvandrarane til Amerika. Han gjorde eit storverk der og fekk høg norsk verdsetjing for det, sa Kvalsvik.

Kvalsvik ville særleg takke lokalbladet Vestlandsnytt for velvilje, også i den tid han pakka bokstavane alt for tett på arka og pinte ut fargebanda på slitne skrivemaskiner.

- Bygderadio vest fortener også takk fordi dei har forvalta og teke vare på mine ofte innvikla ordkombinasjonar, sa Kvalsvik, og heldt fram:
- Den gamle Johannes i vår bibel rekna nok si livsgjerning avslutta då han var teken avsides på Patmos. Då kom beskjeden: «Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal hende». Framtida tilhøyrer den som førebur seg på den. Eg har halde meg på jorda, men vonar nokre har lese frå dobbel botn med skimt av ein annan dimensjon. Vi er meir enn jord, sa Kvalsvik.

Han takka til slutt Herøy kommune for prisen og dei som har gjort eit førearbeid. Han takka også heimbygda for inspirasjon og forståing og dei mange som har gitt positive tilbakemeldingar. Så vil eg vone at det eg har samla kan finnast som verdi for ei usikker framtid. Sjølv har eg lyst å gå vidare - nokre steg til, avslutta prisvinnaren i si takketale.

Kvalsvik siterte sin gode avdøde ven, Bjarne Rabben, på at han visste at det fanst ein stopp der framme på vegen. Men vent, vent, - sjølv har eg lyst å gå vidare - nokre steg til, sa prisvinnaren.

Også mange frå bygda nytta høve til å gratulere og takke prisvinnaren, og gav uttrykk for at dei var både glade og stolte både på prisvinnaren og bygda sine vegne. Også kona Ingrid var helsa for trufast å ha stått side om side med prisvinnaren gjennom eit langt liv, og også ho fortente ein del av æra for prisen.