Musikalske arbeidsjarn

Av: Administrator
28/10-2009

For to år sidan flytta Vegard Volsund (26) heim til Herøy med kona Synnøve (37) og to barn. Sidan har paret markert seg sterkt på det lokale kulturkartet. (Av: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


Synnøve og Vegard Voldsund markerer seg sterkt i Frikyrkja og kulturlivet elles som to musikalske arbeidsjarn. Etter å ha stifta Herøy Gospelkor og gjeve ut CD med det same koret på kun eit år, håper paret å få litt meir tid til eigne prosjekt. (Foto: Stein Lilleøy)

Vegard er oppvaksen i Herøy, men flytta heimanfrå allereie som 16-åring. Dei siste åra har han budd i Øygarden, der kona Synnøve kjem frå. Ho jobba som kyrkjelydspedagog og han som musikalsk aktivitetsleiar.
- Ein periode sat eg også i eit vikariat som organist. Det vart lite orgelspel, men eg fekk mange positive tilbakemeldingar på bruken av piano i liturgien, seier han.

Både Vegard og Synnøve er svært musikalske, både som utøvande musikarar og som musikalske leiarar. Synnøve har seks års fartstid med å leie kor, medan Vegard har vore med dei siste fire åra. Og som i Herøy var produksjon av ein CD også mellom prosjekta dei gjennomførte med koret i Øygarden.

- Trivst så godt!
For vel to år sidan flytta paret til Herøy.
- Planen var at eg skulle gjere ferdig eit studium i Volda, seier Vegard.
- Men det har uansett vore meininga heile tida at vi skulle prøve å bu både der eg kjem frå og her som Vegard vaks opp. Vi sa fire år i utgangspunktet, men no trivst vi så godt at det spørst korleis det går med den planen, skyt Synnøve smilande inn.

Hektisk kvardag
Familien har slege seg ned i eige hus, tett inntil parken i det sentrale Fosnavåg. Til dagleg er dei tilsette som lærarar ved Møre barne- og ungdomsskule i Myrvåg. Fritida, i alle fall det siste året, har gått med på etableringa og utviklinga av det nye Herøy Gospelkor. Sist helg kom det fyrste store resultatet i form av ein fersk CD, der Vegard og Synnøve har stått for det meste av både musikk og produksjon. I tillegg spelar Vegard dei fleste instrumenta på plata, med unntak av gitar. Den jobben har broren Arve hatt.
- CD-produksjonen har ikkje hatt så veldig stort budsjett. Dei 150.000 kronene vi har hatt til rådvelde har for ein stor del gått til innkjøp av nødvendig lydutstyr, forklarar Vegard.

Noko nytt og spennande
Årsaka til at CD-en vart eit prosjekt allereie frå starten av i koret, var at Vegard og Synnøve tenkte det utgjorde noko nytt og spennande som ville drage med fleire i koret.
- Det har verka. No tel koret rundt 25 songarar, og det er stadig fleire som ynskjer å bli med. Spesielt gledeleg er det at fleire gutar har lyst til å bli med, seier Vegard.


Frå releasekonserten til Herøy Gospelkor i Frikyrkja. (Foto: Rune Paulsen)

- Positiv gjeng!
Paret er svært imponerte over utviklinga Herøy Gospelkor har vore gjennom, etter den spede starten for eit år sidan.
- Det var ikkje mykje lyd i dei på den fyrste øvinga, og det er i grunnen utruleg at koret har vorte så bra med så kort tid på seg. Dei er ein positiv og initiativrik gjeng, som det er ei gelde å få jobbe med. Å oppleve ein slik iver er drivkrafta for oss, seier Synnøve.

Har lova vekk kaker
Under releasekonserten sist helg vart det selt 80 CD-ar, og salet vidare er det ungdomane sjølve som skal stå for. Greier dei å selje alle, har Vegard lova å bake ei kake til kvar og ein av dei, og det er ein lovnad han står ved.
- Og eg hjelper han ikkje med bakinga, ler Synnøve.

Roar litt ned
Med CD-en i hamn roar Herøy Gospelkor ned tempoet noko. Men i tillegg til dei faste øvingane står det likevel fleire opptredenar på programmet framover mot jul. Og på nyåret legg koret ut på turné i Bergens traktene.

Eigne prosjekt
Med litt færre «ballar» hengande i lufta håper Vegard og Synnøve at dei skal få meir tid til eigne prosjekt.
- Vi har lenge gått med planar om å gi ut ei salmeplate, og no får vi kanskje ein sjanse til å realisere planane. Men ting tek tid, og det er eit prosjekt vi tek litt etter litt, seier Vegard.

Det går fort mot jul. I år har familien bestemt seg for å feire høgtida hos familien til Synnøve i Øygarden...


Frå releasekonserten til Herøy Gospelkor i Frikyrkja. (Foto: Rune Paulsen)


Frå releasekonserten til Herøy Gospelkor i Frikyrkja. (Foto: Rune Paulsen)


Frå releasekonserten til Herøy Gospelkor i Frikyrkja. (Foto: Rune Paulsen)