Herøy Gospelkor med CD-slepp

Av: Administrator
18/10-2009

Då Herøy Gospelkor vart stifta i fjor var fyrste store målet å spele inn ein CD. I helga er det klart for CD-slepp med gospelnight og offisiell releasekonsert.(Av: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


- Det viktigaste målet dette fyrste året har vore CD-en. No er vi i mål etter ein arbeidskrevjande periode, og då er det på tide å ta det litt meir med ro, seier Vegard Voldsund, som leiar koret ilag med kona Synnøve.

Voldsund fortel at koret sitt arbeid med debutalbumet «Mighty King» har bode på spennande utfordringar.
- Det fyrste som måtte gjerast var å skrive ein del nye songar, då vi gjerne ville at dette skulle vere ein CD med Herøy Gospelkor sine eigne låtar. Av åtte songar er sju av dei nye. Innspeling av bandet har vi gjort i kjellaren vår, og koret er teke opp i frikyrkja. Mykje arbeid, men vel verdt det, slår han fast. CD-en er trykt opp i Oslo, medan coveret er produsert av ein utvandra norsk grafisk designer i Kanada. Resultatet er venta til Herøy i dag eller i morgon. For å skape ekstra blest kring CD-sleppet inviterer koret til ei spennande helg. Det startar med Gospelnight i Frikyrkja fredag kveld. Her får Herøy Gospelkor selskap av I'sing og fleire andre. Det vert også andakt ved Arve Fiskarstrand og kafé i kjellaren etter arrangementet.

Kafé, tombola og salmar
Laurdag er det klart for kafé med tombola. Her vert det sal av lodd, kaker, smørbrød, kaffi og kanskje nokre musikalske innslag. Laurdag kveld vert det salmekonsert ved Synnøve og Vegard Voldsund, der nye og gamle salmar vil vere i sentrum.

Stor releasekonsert
Søndag kveld er det duka for releasekonsert med Herøy Gospelkor i Frikyrkja, det store arrangementet denne helga. Dette vert også det fyrste høvet til å kjøpe den nye CD-en.
- Elles satsar vi på privat sal. Eg har inngått eit veddemål med kormedlemene om at eg skal bake ei kake til kvar av dei om alle CD-ane vert selde, seier Vegard Voldsund.

Til «Pit Stop»
Neste helg reiser koret til Valderøy for å opptre på det store ungdomsarrangementet «Pit Stop», og koret reknar med å kanskje få selt nokre CD-ar der også. Framover mot jul vil koret øve som vanleg, og i tillegg er de bedne om å synge på to gudstenester.
- Så avrundar vi med ei julebordavslutning før vi tek jule­ferie, fortel korleiar Vegard Voldsund. Men fyrst altså; stort CD-slepp i Herøy Frikyrkja denne helg.