Betre saman

Av: Torill Myren
03/09-2009

I sportsverda hadde det heitt kick-off. Vi kalla det leir. For tredje år på rad var Herøy Frikyrkje på leir på Orreneset i Sykkylven.


Barna kjenner seg igjen. Og dei spør før vi kjem inn om "skal vi bade?", "skal vi padle?". Vi vaksne spør oss "vert det like kjekt som sist?". Det vart både minst like kjekt som sist - og det vart både padling og bading.

I år hadde vi leiren rett før arbeidsåret startar. Vi har rista oss saman og vorte oppglødde for kvarandre og Jesus. Håpet er at dette skal prege livet i kyrkjelyden framover.

Tema for i år var "Betre saman". Og det var vi. Anten vi bygde bru eller song leirsong. Vi hadde leita fram slageren frå 80-talet: "When we get together" som leirsong. Allsongen var god og etter som leiren skreid fram fekk vi både sjå og oppleve at når vi kjem i lag i Herrens namn, så har vi det bra. Og som songen peikar på, så har vi alle våre gaver og oppgaver. Nokre har noko klokt å seie, andre kan synge og nokre kan bake kaker. Og alt i lag vert "Betre saman".


Fredag starta med kveldsmat og bli-kjent-bingo før dei miste vart lagt i seng, dei største barna og ungdomen fekk samling med Geir og dei vaksne med Erhard. Laurdag var det barnesamling og bibeltime før sporløp med elektrisk bøyle, avisøy-stafett og slagerar som potetløp og quiz. Til trass for nitriste vermeldingar hadde vi opplett, tørr asfalt og til dels sol under heile sporløpet og ymse fotballspeling utetter ettermiddagen.



Grilling i vannkanten avslutta ute-dagen før vi fekk dele-kveld der mange delte songar og tankar rundt desse.



Søndag var det familiegudsteneste, også den bygt rundt "Betre saman". Vi bygde hus i lag, song i lag, og var i lag.

Og alt før siste post på leiren, søndagsmiddagsdessert, begynte vi å snakke om neste år, då...