Vellukka sommarope i Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
10/08-2009

Nytt av året var tilbodet i Herøy Frikyrkje med kveldsarrangement søndagane kalla "sommarope".

- Det kan vere vanskeleg å samle folk til gudsteneste om sommaren, og difor tenkte vi at ved å tilby varierte kveldsarrangement kunne vi nå fleire, seier pastor Erhard Hermansen.
Han gler seg over nokre fine sommarkveldar i Frikyrkja og trur at dei denne sommaren fekk tilby noko for dei fleste.


Pastor Erhard Hermansen hadde kveldstankar ut frå fortellinga i Lukas 15 om "Den bortkomne sonen".

Orgel- og flygelkonsert
Sommarope i Herøy Frikyrkje vart innleia med orgel- og flygelkonsert med Håvard Sveås. Håvard Sveås er kantor i Sula, freelancemusikar, arrangør og komponist.
I løpet av konserten tok Håvard Sveås oss med gjennom eit program der han song, spelte piano og orgel med utgangspunkt i salmar og folketonar i eigne arrangement. Han lot oss også bli kjend med eigne komposisjonar og viste gjennom både song, spel og komposisjon at han er ein musikar av høg klasse.


Kantor Håvard Sveås innleia sommerope i Frikyrkja.

Songar vi gjerne syng
I det andre sommarope i Frikyrkja var det songen som stod i sentrum.
- Det er mange songar vi er glade i, og det er noko spesielt med gode songar som formidlar evangeliet. Songane i seg sjølv kan gi oss mykje, og med evangeliet om Jesus som tema får ein song ein ekstra dimensjon, seier pastor Geir M. Lande.
Med overskrifta "Songar vi gjerne syng" leia Harry Andersen dei frammøtte i allsong og delte evangeliet gjennom fire solosongar. Hans rutinerte og gledesfylte song sørga åleine for at det vart ein god kveld.
Vi fekk også høyre eit brennande vitnesbyrd frå Benis Nsambiz. Benis er frå Kongo og har budd periodevis i Fosnavåg under si tid som asylsøkar i Noreg.
- Han er pastorutdanna og har utfordra og oppmuntra gjennom fleire preiker og vitnesbyrd tidlegare, seier Geir M. Lande.
Denne kvelden låg det han på hjertet å snakke om handling.
- Den som har lært Guds kjærleik å kjenne vil sette denne kjærleiken ut i handling mot sin neste. Å vere kristen handler ikkje om å gå i kyrkja og kunne seie dei rette tinga, det handlar om å kjenne Gud og spreie hans omsorg gjennom nestekjærleik. Vi kjem saman i kyrkja for å verte oppmuntra og styrka til å gjere dette i vår kvardag, sa pastor Nsambiz.
Han vil sjølv tilbake til heimlandet for å fortsette sitt virke som pastor, det er store behov i Kisangani der hans familie bor.
Pastor Geir M. Lande avrunda kvelden med nokre tankar omkring ein av fellessongane: Det er makt i de foldede hender.
- Det er noko meir enn berre songen, vi trur på ein Gud som har makt å sette bak orda. Og denne makta er hans nåde og kjærlæik, sa Lande.

Lovsong med konsert
Den tredje sommarkvelden vart kalla "Lovsong med konsert", og Ragnar Ørstavik, Jørgen Waage og Trond Espeseth gav oss ein fantastisk konsertoppleving. Med seg hadde dei også fått Fred-Michael Knotten på trommer og Frantz Frantzen på bass.
Med sterke vokalprestasjonar og dyktig instrumentalarrangement førde dei oss gjennom eit program med låter som varierte frå country til rolig rock og funk, frå Larry Norman til Bjørn Eidsvåg.
Dei rolige, melodiøse og til tider, melankolske tonane var eit behagelig avbrekk frå kvardagen.
Trond Espeseth fortalde at han hadde kjære minne til nokre av songane dei song. Som "Fly lille fugl" som han først hadde blitt kjend med gjennom ein LP i farfarens platesamling.


"Konsert med Lovsong" Frå v. Jørgen Waage, Trond Espeseth, Ragnar Ørstavik, Frantz Frantzen og Fred-Michael Knotten.

Verdas beste novelle
Tre av søndagene tala pastor Erhard Hermansen ut fra likninga i Lukas 15 om "Den bortkomne sonen", ei likning som vert kalla "verdas beste novelle". Han tok utgangspunkt i Henry Nouwen si bok "Den bortkomne sønn vender hjem" og Rembrandt sitt maleri frå 1668 med same tittel.
Han spurde; kvar er heim? Og fann ut at heim ikkje er ein stad langt der ute, eller langt der oppe.
- Heim er i djupeste forstand her inne i hjartet, og her inne har Gud bestemt seg for å bu, sa pastoren.
- Å vere heime handlar om å få motta Guds betingelseslause kjærleik og få erfare ei tilhørigheit som ikkje er tufta på prestasjonar. Å kome heim er å gå skritt for skritt mot han som ventar på meg med opne armar og som ønsker å omfavne meg i all æve, sa Erhard Hermansen.
Sjølv om fortellinga har fått namnet "Den bortkomne sonen" understreka Erhard Hermansen at det er faren som er hovudperson i fortellinga. Faren som eit bilete på Gud, viser oss ein Far som er raus og kjærleg, ventande og søkande.

Varm og nært!
Marthe og Henrik Vadseth fekk æra av å avslutte sommerope denne sommaren. Ekteparet som er busett i Sula og aktive i Sula Frikyrkje hadde og med seg bror og svoger Magnus, og på ein varm og inderleg måte formidla dei trua gjennnom ein flott konsert.
Konserten varierte frå det heilt rolege til meir taktfylte songar. Det heile vart presentert med varme og nærleik. Konserten deira i Herøy Frikyrkje vart ein flott avslutning på sommarope denne sommaren.


Henrik (f.v), Marthe og Magnus Vadseth fekk avslutte sommerope i Frikyrkja med eigen konsert.