500 på storfamiliegudsteneste

Av: Jann Flatvall
18/07-2009

Dei kreative arrangørane av Maritim Sommarfestival går stadig nye vegar for å utvikle konseptet. Eitt av hovudmåla er å involvere alle interessegrupper i lokalsamfunnet, frå dei yngste til dei eldste, frå det verdslege til det religiøse for at alle skal få eit "eigarskap" til festivalen. (Av: Jann Flatvall, Vestlandsnytt)


* Det var svært folksamt under utegudstenesta på Allmenningskaia med over 500 frammøtte. Her er Seven-jentene i aksjon saman med det samansette barnegospelkoret der 70-80 songglade herøybarn var med.

Nytt av året var eit spanande samarbeidsprosjekt mellom arrangørane og Den norske Kyrkja og Frikyrkja som gjekk saman om ei storfamiliegudsteneste på Almenningskaia. Og med eit festpynta sommar-Fosnavåg, og hamna full av båtar som ramme, vart gudstenesta ein fulltreffar, med god åndeleg føde og ikkje minst mykje fin song og musikk. Og sjølv om det kom nokre små dråper frå ovan innleiingsvis, trengde sola etter kvart igjennom skylaget og velsigna arrangementet også på den måten. Folk strøymde til, og når klokka nærma seg 11.00 var det over 500 "kyrkjegjengarar" samla både i festival-teltet og på uteområdet ved scena.

Etter nokre stillferdige og vakre tonar av husbandet, under "kapellmeister" Vegard Voldsund si dyktige leiing, vart det skikkeleg "trøkk" då dei populære "Seven"-jentene entra scena. Desse ungjentene som var inviterte til sommarfestivalen har nyleg kome ut med ny CD, og med sin friske glad-song fekk dei fort opp stemninga. "Seven"-jentene, som også blir kalla "Noregs travlegaste barnemisjonærar" har mange aktuelle og lett forståelege tekstar som treff både store og små. Det spesielle er at "Seven"-jentene har vore med på å bestemme om kva det skal syngast om. Her handlar det om livet med Gud og livet med kvarandre, om vennskap, forelsking, gleder og sorger. I "Vi er levande reklame" slo dei ettertrykkeleg fast at det viktigaste er ikkje å ha den kulaste mobilen eller den dyraste og tøffaste buksa, men berre vere den du er.


* Husorkestret, under leiing av kapellmeister Vegard Voldsund (t.v.) hadde med seg forsongarar, og salmesongen let vakkert i hamneområdet.

Sokneprestane Knut Magne Dalsbø frå Den Norske kyrkja og pastor Erhard Hermansen frå Frikyrkja delte på liturgioppgåvene og utfyllte kvarandre på ein fin måte.


* Sokneprest Knut Magne Dalsbø t.v. og frikyrkjepastor Erhard Hermansen delte på liturgioppgåva og utfylte kvarandre på ein fin måte.

Pastor Hermansen heldt ei tankjevekkjande og fin andakt der teksten for dagen handla nettopp å gå ut i gatene og invitere folk til fest.

Er det ikkje ein flott fest vi får vere med på i dag? Men i dag skal eg fortelje dokke om tidenes største fest. Ja, sjølv maritim sommarfestival blir berre blåbær, det same gjeld Grand Prix. Tidenes største fest held på å bli stelt i stand no. Den festen er ikkje annonsert i avisa. Tidenes største fest blir ikkje førebudd her på jorda. Ein gong lova nemleg Jesus alle menneske at han skulle reise av stad for å lage i stand tidenes største fest. Ja, eigentleg er det ikkje berre snakk om ein fest, men han vil lage til ein plass som er betre enn nokon festar vi nokon gong har vore med på, og denne plassen skulle vare for alltid - eller evig - tenk, fest i all evigheit!

Eg kan love dokke ein ting, den festen er ein fest eg ikkje vil gå glipp av. - Og det er ein fest du ikkje bør gå glipp av. Jesus sa; Tru på meg! Men det er svært mange som har sagt nei til invitasjonen om å bli med på himmelfesten. Derfor lurer eg på om du vil bli med? I dag har de høyrt Guds invitasjon - bli med!, sa Hermansen mellom anna.

Gudstenesta vart avslutta med eit fargerikt og vakkert skue, då heile 80 barnegospelsongarar som hadde delteke på barnegospelseminaret i Frikyrkja, saman med Seven-jentene framførte tre friske og tøffe songar. Og ein skal leite lenge etter å finne tilsvarande glede og innleving som desse sjarmerande og songglade Herøy-borna stod for. Seven-jentene sin inspirerande musikalske leiar hadde tydelegvis lært dei både refrenga og mimikken! Og gudstenesta vart avlutta med feiande friske samba-rytmer, til stor applaus frå dei mange frammøtte. Ei fin avslutning på ei spesiell gudsteneste. Slike samlingar ute i Guds frie natur er ofte med å skape meir variasjon og sammhald, og svært svært mange nytta seg av tilbodet om å stoppe igjen i teltet, der det vart servert nytrekt kaffi og gode kaker. Slike samlingar er også med å knyte banda mellom kyrkjesamfunna nærare saman.

Dette er eit konsept som gav meirsmak, og bør bli ein naturleg del under framtidige maritime sommarfestivalar??


* Maken til songglede og engasjement som desse sjarmerande barnegospelsongarane frå Herøy viser, er det sjeldan ein opplever. Her avsluttar dei gudstenesta med ein frisk samba-låt som handla om å fylgje Jesus, og at vi er gode nok som vi er.......